Det blei folksamt i vognhallen då trekninga av skulpturane fann stad (foto: Andris Hamre)

Folksam galskap

Bildeserie: Arne Mæland kaller i ein humoristisk tone skulptursymposiet for galskap. Laurdag enda galskapen med at kjøparane fekk velja skulptur.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I to veker har ti kunstnarar arbeidd i vognhallen med å skapa dei vakraste skulpturer i marmor, granitt og tre.

– Dette er galskap. Kjøparane som finansierer det heile veit ikkje kva dei får eller kven som kjem når dei seier ja. Men det er galskapens augeblikk ein hugsar, helsa Arne Mæland då trekninga skulle skje tidleg laurdag ettermiddag.

Mæland fortalde vidare om korleis dei to vekene hadde vore. Med arbeid, hygge og fiske.

– Vi har spist makrell til kvar einaste måltid. Det har blitt sagt at dei fresta å ta livet av meg med markrell, smilte Mæland som takka alle som har opna heimane for kunstnarane og som har sponsa arrangementet med midddager og meir til.

– Eg er imponert

Ordførar Marie Bruarøy (H) helsa kunstnarane på engelsk.

– Først må eg få helsa til Arne. Du er fantastisk. De lykkast alltid med symposia. Til kunstnarane så må eg få gje uttrykk for kor imponert eg er over arbeida dykkar. De er med på å laga liv på Osøyro ved å stå ute i offentlegheita og arbeida. Folk får koma her og sjå korleis de gjer det. Det har vore interessant å sjå.

– Eg håper de har hatt ei fin stund på Os, helsa Bruarøy før trekninga tok til.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.