Lokal | 15. mars 2011

Førebudd på redning i Japan

Osingen Erik Walden er blant dei tre hordalendingane i NORSAR-laget som no er i beredskap.

Førebudd på redning i Japan
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. mars 2011 08:17

Allereie klokka 09.11 fredag, knappe tre timar etter det katastrofale jordskjelvet utanfor Japan, fekk Erik Walden melding frå NORSAR.

- Eg måtte kvittera for om eg var klar for ei eventuell utrykking. I 21.tida same dag fekk vi beskjed om at japanske styresmakter ville ha NORSAR i beredskap.

NORSAR er ei samanslutting av Norske Redningshunder (NRH), Oslo brann- og redningsetat (OBRE) og Norsk luftambulanse (NLA). Gruppa er spesialtrent i å finna og redda menneske i katastrofeområder og er meint for internasjonale oppdrag.

- Det er spennande å vera i beredsskap. Tanken på å få vera med og hjelpa til, kanskje til og med redda liv, gjer at eg håper på at japanarane bestemmer seg for å ta imot assistanse frå oss.

Erfaren redningsmann

I fjor sommar skreiv vi om Erik Walden sin 100 mil lange padletur saman med Bjørn Tore Eriksen i Canada. Denne gong kan det bli ein veldig forskjellig tur, men også dette oppdraget er noko han er godt førebudd på.

Walden har vore både FN- og Nato-soldat og hadde jobba i 12 år som ambulansesjåfør då han for 15 år sidan byrja i Bergen brannvesen. I tillegg er han med hunden Dinah medlem av Norske Redningshunder.

Reiser utan hund

- Dinah er godkjent redningshund og kunne sikkert gjort det bra som ruinhund, men eg har førebels ikkje tatt meg tid til å få ho godkjent til søk i laviner, seier Walden.

Han og Dinah har vore på fleire redningsoppdrag, både i Bergen og i fjellet, men i NORSAR er Walden medlem utan hund.

- Om vi reiser til Japan så reiser eg som redningsmann. Som brannkonstabel ville det vore god erfaring å sjå korleis japanarane leiar redningsarbeid i ei slik krise som den dei har no.

Øvde i England

NORSAR har, før Walden blei medlem, vore på oppdrag både i Irak og Tyrkia. I tillegg til øvingar heime i Noreg er dei med fast frekvens på større øvingar utanlands, og i haust var nærmare 40 frå NORSAR-laget på ei svært realistisk øving i England.

Engelskmennene hadde saman med EU førebudd seg godt og brukt eit halvt år på å bygga (og riva) noko som likna ruinar på eit militært område utanfor Portsmouth.

- Det blei ei lærerik septemberveke, seier Walden, som hadde rolle som stabsleiar under øvinga.

Har pakka sekken

Sidan fredag har Walden halde seg i beredskap. Seinast i 8-tida i dag fekk han oppdatert melding frå NORSAR.

- Får vi ordre om å reisa ut så er det opp til meg å koma meg til Gardermoen så raskt som mogleg. Innan 10-12 timar skal vi vera på veg ut av landet. Sekken er pakka i tråd med pakklista, resten av utstyret får vi ved avreise.

NORSAR er sjølvforsynt i 10 dagar når dei er på oppdrag.

- Vi har med alt, frå antenner til internett og anna kommunikasjonsutstyr til mat og medisinar. Vi skal klara oss sjølv der vi kjem og samstundes ikkje utsetja oss for smitte.

Les òg:
- Reddar vi eit liv er det verdt alt
(NRK.no intervju med NORSAR-medlem Alf Lund frå Odda)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.