Sport | 01. juli 2011

Første Oskar på 17 år

Rett før klokka 2 i natt fekk Ove Tumyr denne laksen på land i sone 2, same stad som han fekk Oskar i 1994.

Første Oskar på 17 år
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. juli 2011 11:01

Ove Tumyr hadde trekt det lengste strået og fått kort i attraktive sone 2 opningsnatta i Oselvo natt til fredag 1. juni. Med seg hadde han Per Olaf Tangen og Atle Jan Westrheim.

– Eg har fiska i sone 2 på opninsnatta to gongar tidlegare. Første gong var natt til 1. mai for mange år sidan. Då var det lite vatn og ingen fangst. Sist gong, i 1994, hadde eg sonen min Christian med, fortel Ove.

Les òg:
Størst og først
(Med referat og bildeserie frå natta)

Christian var då 12 år gamal og hadde bra med fiskelykke, tre minutt over midnatt drog han opp ein aure.

– Det året var auren freda dei første to vekene, så den måtte kastast ut igjen. Sjølv fekk eg Oskar i 3-tida same natt.

Ny Oskar

Stor elv og observasjonar av mykje fisk gjorde at mange venta seg mykje av årets opningsnatt.

Det var kameraten Per Olaf Tangen som først låg an til å få årets Oskar, knappe ti minutt etter starten ved midnatt hadde han ein stor fisk på kroken, men den sleit seg av.

Klokka 00.10 blei første laks tatt, av Trond Vibeto på Søfteland. Den vog 3,1 kg.

Ein knapp time seinare fekk Atle Jan Westrheim, Tumyr sin kamerat i sone 2, det som truleg var den største opningsnatta, ein laks på beint 6 kilo.

Verken Vibeto eller Westrheim er medlem av Os jakt- og fiskelag, laget som kårer årets Oskar blant sine medlemmar. Men Tumyr er medlem, og han fekk også fisk.

– Den var på land rundt klokka 3, fortel Ove om laksen på 4,2 kilo.

Fleire fine fangstar

Tumyr flytta frå Askøy til Os tidleg på 80-talet. Han bur i Finnebrekka, rett ved Oselvo, og hadde akkurat kome heim i natt då han blei invitert med ut på ny fisketur.

– Fredrik Lihaug svingte innom, også han på veg heim med fangst frå natta. Fredrik hadde fått ein laks på rundt 4 kilo i Klekkerihølen og hadde fiskekort der også i formiddag.

Dei to la fangsten frå seg heime og stakk opp igjen i Klekkerihølen for å venta frå klokka 6 til klokka 8. Då byrja nemleg fiskekort nummer to å gjelda, så då kunne det fiskast på ny kvote.

– Eg fekk meg ein til, ein laks på 3,6 kilo. Dette er første gong eg har fått to laksar i Oselvo på same dag.

Noregs største i 1988

Tumyr fortel at han ikkje har fått særleg stor fisk i Oselvo før, men stor fangst er han likevel ikkje ukjent med.

– Eg fekk sjøaurepokalen av Bergen Sportsfiskeforening i fjor. Den fekk eg for ein aure på 7,1 kilo som eg tok i Loen.

– Kva er største laksen du har fiska?

– I 1988 fekk eg ein laks i Vosso på 20,5 kilo. Den var den største laksen som blei fiska i norske elver det året, så då fekk eg statuett av Norges jakt- og fiskeforbund, minnest Tumyr fredag formiddag, snart på veg til sengs.

Midtsiden temaside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.