midtsiden

Forsvarer gull på heimebane

NM i handbak 2011: Laurdag blir Oseana fylt med sterke menn og kvinner.

Av: Andris Hamre Onsdag, september 21, 2011 - 15:09

I mai 2010 uttalte Arne Thuen til Midtsiden at han drøymde om å avslutta si lange karriere med NM i Oseana.

- Det hadde vore fint å avslutta karrieren på Mobergsneset, i nyopna Oseana, sa Thuen den gongen.

Laurdag går draumen i oppfylling då omlag 80 armsterke utøvarar stiller til årets NM på Mobergsneset.

Skal forsvara titlane

Heile seks av utøverane frå Os handbakklubb er regjerande noregsmeistre. Dei seks, Arne Thuen, Frode Veim Haugland, Ronny Risøen, Øyvind Birkeland, Andreas Fagerthun og Tore Matre går alle for å forsvara titlane.

- Vi er klare og skal gjera det vi kan for å ta gullet heim, smiler Tore Matre.

Håper han er gløymd

Ein som nok ikkje drøymer om NM-tittel, men heller å kome frå det med æra i behald er Oseana-direktør Kim Kristoffersen. Då handbak-gjengen ba om å få leiga Oseana var han ikkje dårlegare enn at lovte å stilla i konkurransen.

- Eg håper jo litt på at dei har gløymt å setja meg på deltakarlista.

- Nokon må jo ta seg av det tekniske rundt arrangementet òg, prøver Kristoffersen seg med som ei unnskyldning.

Om han står på kampprogrammet lover han likevel å stilla til kamp. Styrketrening har han i alle fall fått etter å ha vore med på rigging av ei rekkje arrangement i huset tidligare i haust.

- Er i rute

Matre fortel at dei er i rute med dei praktiske førebuingane til meisterskapet.

- Vi har bestilt to nye bord som eg håper kjem i dag eller morgon.

- Når dei er på plass er vi klare for meisterskapet.

Dei innleiande kampane startar klokka 12 laurdag.

- Vi håpar å kome i gang med finalane frå klokka 17 og vera ferdig til omlag klokka 19, forklarar Matre.

Ønskjer publikum velkomen

Handbak-klubben har fått såpass bra med sponsorar at det blir gratis inngong til alle som vil koma og sjå.

- Det er ope for alle, og eg håpar osingane tek turen innom i løpet av dagen.

- Handbak er både ein spennande og kjekk sport å sjå på. Med mykje folk blir stemninga god og utøverane tar i det lille ekstra, reklamerar Tore Matre i Os handbak klubb.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11