Frode Vindenes er tilbake for Os Turn etter ei lang skadeperiode (Arkivfoto: Solveig Sønnøve Hamre)

Forsvarskjempen

Med Frode Vindenes tilbake i forsvaret vann handballherrene over Gneist laurdag. - Frode gjorde ein fantastisk jobb, skryter trenaren.

Av: Andris Hamre Lørdag, januar 7, 2012 - 19:17

Handballherrene til Os avslutta førjulssesongen med to tap. Laurdag var dei igjen tilbake på vinnarsporet då dei slo Gneist 27-20.

Mykje takka vera forsvarskjempen Frode Vindenes.

- Frode har vore ute med kneskade i lang tid. Han er ein utruleg god forsvarsspeler og viktig for oss, difor var det godt å ha han tilbake i dag, smiler trenar Leif Idar Røen.

Kampen blei ei jamn batalje i 55 av dei 60 minutta den vara, men tilslutt fek Os hull på byllen og fossa ifrå.

- Vi spelte igjen ein god forsvarskamp, men held fram med feila frå dei to siste kampane før jul framme i angrep.

- Vi brenn rett og slett for mange av sjansane. Hadde vi sett dei, hadde dette aldri blitt ein jamn kamp, meiner Røen.

Gneist - Os 20-27 (11-10)
Utv. Gneist 2x2 min, Os 3x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Andreas G. Sennesvik, Trygve Dahl, Isak Røen 5, Daniel Røen 2, Frode VIndenes 1, Ove Lyssand 7, Øystein Skarding 3, Joakim Blostrupmoen 5, Andris Hamre 1, Steinar Gaasdal 2.

SJÅ TABELL

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11