midtsiden

Forsvarte EM-tittelen

Åsmund Slettevold tok fredag gull i Wado-EM i Italia.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, september 25, 2010 - 00:57

I fjor gjorde Åsmund det same som storebror Erlend presterte i 2007, tok gull i europameisterskapen i karatestilarten Wado.

Medan Erlend fekk gull i kamp vann Åsmund tittelen i kata, mønster med teknikkar framført for dommarar utan motstandarar.

I dag forsvarte han tittelen sin med nytt gull i kata. Kamp, eller kumite, som det heiter på japansk, går i morgon.

I fjor stilte Os Karateklubb med fire utøvarari EM. Dei tok til saman seks medaljar i meisterskapen, som i 2009 blei arrangert på Kypros.

- 17 nasjonar er representert. Noreg stiller med 11 deltakarar, 5 av dei er frå Os, fortel hovudinstruktør Cato Bruarøy til Midtsiden.no.

I år går EM av stabelen i italienske Venezia. Med deltakarar, foreldre og støtteapparat er det 28 i delegasjonen frå Os.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: