Lokal | 19. apr. 2016

Fotgjengar påkøyrd i sentrum

Trafikkuhell i Os sentrum. Fotgjengar påkøyrd.

Fotgjengar påkøyrd i sentrum
Legevaktslegen kom relativt raskt til staden for å sjå til pasienten (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 19. apr. 2016 09:38

Rett før klokka 11.30 rykte legevakten og politiet ut til melding om eit trafikkuhell i Os sentrum.

Ein fotgjengar hadde blitt påkøyr ved fotgjengarfeltet mellom Sparebanken Vest og Esso-stasjonen.

På Twitter meldte politiet klokka 11:31 om uhellet.

– Os. Trafikkuhell. Fotgjengar påkjørt. Politiet er på staden.

På ulykkesstaden var legevaktlege for å sjå til den skadde i tillegg til politiet. Privatpersonar dirigerte trafikken frå Hatvik om Os sentrum.

Den påkøyrde skal vera lettare skadd i ei hand og rygg, ifølgje operasjonsleiar ved operasjonsentralen til Politiet i Hordaland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.