Lokal | 12. mai 2011

Fotoklubb i farten

Os Fotoklubb, som blei etablert i vinter, har allereie ein fin miks av medlemmar og eit høgt aktivitetsnivå.

Fotoklubb i farten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. mai 2011 08:22

Nordmenn har vore i særklasse når det gjeld kjøp av digitalt fotoutstyr. I 2007 kunne vi lesa om 75 prosent auke i sal av digital speilrefleks, i 2009 kunne fekk vi høyra om stor auke i sal av avanserte speilreflekskamera.

Kva som kom først, interessa eller utstyret, er uvisst, men auka kompetanse er det mange som er interesserte i, ikkje minst i Os.

– Os Fotoklubb blei etablert i januar. No har vi rundt 20 på møta, frå dei heilt nye til erfarne fotografar. Alle er like entusiastiske med spørsmål og erfaringsutveksling, og så er det ut i felten for å prøva, seier formann i Os Fotoklubb, Tommy Sælen.

Mykje snakk

Sælen seier han ved fleire høve har diskutert det å starta klubb før han i januar lufta ideen på facebook.

– Det blei mykje snakk mellom meg om mange av dei fotointeresserte eg kjenner frå før. Men først i januar blei det alvor, fortel han.

Heime i kjellaren sin fekk han besøk av Tore Njøten, Torbjørn Helgesen og Frank Baggen. Dei fire stifta klubben, sette statuttane og lagde ein aktivitetsplan.

– Eg har allereie lært utruleg mykje, spesielt av desse som var med å stifta klubben. Medan eg blei plassert som leiar tok Torbjørn, som har lang erfaring både med fotoapparatet og frå ulike verv i Bekkelokket Fotoklubb i Bergen, gjer ein glimrande jobb som sekretær.

Sekretæren har blant anna laga heimeside til Os Fotoklubb.

– Hjelper kvarandre

Helgesen har vore medlem i Bekkelokket Fotoklubb sidan tidleg på 90-talet. Der har han vore både styremedlem og formann. No er han konkurranseansvarleg.

– Bekkelokket er ein av dei mest aktive klubbane i Noreg, med møte kvar veke, og står fram som eit forbilde for mange klubbar. I Os byrjar vi litt rolegare, men at fleire av oss har fartstid i annan klubb gjer at vi har kome raskt i gang, seier Torbjørn.

Han synes det viktigaste med ein fotoklubb er miljøet, sjå bilda til kvarandre, snakka om dei og hjelpa kvarandre til å få ting til.

– Vi har tema på kvart møte og tar bilde frå førre tema til neste møte. Men vi set også av mykje tid til uformell prat, og praten går verkeleg unna, frå ustyr til motiv og teknikk, seier Tommy.

I aktivitet

Os Fotoklubb har hatt kurs for fotografar på ulkt nivå og fleire møte med ulike tema.

– Medlemsmassen, som no er på rundt 30 menn og kvinner i ulike aldrar, består av fotografar på alle nivå.

I april hadde klubben to møte, i førre veke var første av to planlagte møte i mai.

– Vi fotograferer også utandørs saman og set opp datoar for photowalk (fellestur for å ta bilde) mellom møta.

– Neste photowalk er I Lysefjorden førstkomande søndag, og vi har framleis plass til fleire medlemmar, seier Tommy Sælen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.