Sport | 12. apr. 2014

Frå Farmen til Fjorden

Tidlegare TV2-kjendis, Knut Eriksen Eide, har blitt Lysekloster-spelar.

Frå Farmen til Fjorden
Knut Eriksen Eide er for mange best kjent som Farmen-Knut. (Pressefoto, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. apr. 2014 12:06

Farmen-Knut var ein populær mann på TV hausten 2012. No har Fana-guten blitt midtstoppar i Lysefjorden.

– Vi har tatt imot han som ein midtstoppar med mange år med erfaring frå 2. divisjon.

– Eg visste ikkje om denne delen av bakgrunnen hans før gutane på laget kom og fortalte det, seier dagleg leiar Ørjan Sandal i Lysekloster IL.

Old school-midtstoppar

Knut Eriksen Eide har vakse opp i Fana IL og hadde som gute- og juniorspelar nokre år i Brann før han kom tilbake til Fana i 2. divisjon.

– Han spelte også for Skarp i 2. divisjon fleire år då han studerte i Tromsø. No har han ikkje spelt på eit par år før han blei med tidlegare lagkameratar på trening med oss for eit par veker sidan.

– Knut er ein midtstoppar av gamletypen, ein energisk og tøff spelar som er tøff for motstandarane sine spissar å bryna seg på.

– Han blir speleklar ein av dagane. Så får vi sjå kor tid han dukkar opp i serien, seier Sandal.

Siger og Baste-comeback

Fredag for ei veke sidan spelte Lysekloster treningskamp mot Tertnes på heimebane.

Den enda med 3-1-siger etter skåringar av Simen Birkelund, Preben Borgen og Ramo Racic.

– No har vi også fått Baste Jonassen heim frå ei lang reise, og han viste seg å ha halde formen bra.

Lysekloster startar serien med heimekamp måndag 21. april (2. påskedag) klokka 16.

Kampen går mot Øystese.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.