Lokal | 29. mai 2015

Fråfallet meir enn halvert

Styrking av skulehelsetenesta har bidrege til å redusera fråfallet ved Os vgs frå 10 til 4,4 prosent på eitt år.

Fråfallet meir enn halvert
Fråfallet ved Os vgs meir enn halvert frå 2013/14 til 2014/15 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 29. mai 2015 09:54

Eit samarbeid mellom førebyggande helsetenester i kommunen, Os vidaregåande og fylkeskommunen har redusert fråfallet og fråværet ved den vidaregåande skulen betydeleg frå skuleåret 2013/14 til skuleåret 2014/15.

– Det er kjekt å kunne fortelja om noko av den kvalitetetsutviklinga vi gjer.

– Med midler frå helsedirektoratet har vi fått styrka skulehelsetenesten i den vidaregåande skulen for å hindra fråfall.

– Ei breitt samansatt prosjektgruppe har jobba med dette gjennom året, fortalde Marita Wallevik, leiar for førebyggande tenester i Os kommune onsdag.

Resultat av fleire tiltak

Resultatet av den fokuserte innsatsen har gjeve tydelege resultat inneværande skuleår.

– Det er ikkje eit enkelt tiltak som virkar, men mangfaldet av fleire.

– Skulen har auka fokus på fråvær og tek tidleg ei samtale med eleven når den er borte. Skulehelsetenesta har fått auka ressurs og er meir tilstade for elevane. No er det ei ope dør som elevane kan koma til, i stade for å måtte vente til tysdag klokka 12.

– I tillegg har samarbeidet mellom aktørane gjort at vi har fått betre rutinar, slik at vi stiller dei rette spørsmåla og hjelper ungdommane vidare så tidleg som muleg.

Frå 10 til 4,4 %

At tiltaka virkar er det mykje som tyder på når ein ser på fråfall og fråværs-statistikkane.

– I 2013/14 fullførte 66,9 % skuleåret med beståtte eksamenar. 10 % av dei som starta på hausten, fullførte ikkje skuleåret.

– Tilsvarande tal for 2014/15 per no er at 87,7 % fullfører og består og berre 4,4 % av dei som starta i haust har slutta.

– Dette syner at det hjelper å fokusera innsatsen og ta eit djupdykk i problemstillinga, forklarte Wallevik.

– Reflekterer differansen den kontakten de har hatt med elevane, undra Helge Olav Nygard (Krf).

– Eg trur det ikkje er einskilde tiltak som har gjort det, meir det heilskapelege fokuset.

– Rektor si vurdering då eg snakka med han gjekk veldig mykje på blikket skulen har hatt på desse elevane, dei har fått ei større medviten omkring dette.

– Skulen har jobba mykje med fokuset hos den einskilte faglæraren, supplerte kommunalsjef Line Rye.

Felles forståing og mindre fråvær

For å ta djupdykket har det vore viktig å skapa ei felles forståing av utfordringane.

– 95% av ungdommane i rett alder starter ei vidaregåande utdanning, men berre 57% fullfører ei yrkesfagleg vidaregåande utdanning innan 5 år.

– Høgt fråvær er ein av dei viktigaste årsakene til dette.

– Den største årsaken til fråværet oppgjev elevane sjølv til å vera personlege problem (37%), det neste største er sjukdom. Eg vil tru at mykje av sjukdommen er relatert til psykisk helse. Difor er eit godt skulehelsetilbod viktig.

Tal frå prosjektet syner at medan det i 2013/14 var 281 elevar ved Os vgs som hadde mindre enn fem dagar fråvær er talet i år 379.

– Når vi ser slike resultat er det kjekt å driva kvalitetsutvikling, avslutta Wallevik med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.