Sport | 23. feb. 2024

Framleis ledige plassar til handballskulen i vinterferien

Måndag i vinterferien går startskotet igjen for Kiwi Handballskule i Oshallen.

Framleis ledige plassar til handballskulen i vinterferien
Christian Bugge og Brit Tungeland på guttehandballdagen i november i fjor. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Elin Johnsen
Elin Johnsenfredag 23. feb. 2024 15:24

Måndag i vinterferien går startskotet igjen for Kiwi Handballskule i Oshallen.

Påmeldinga er framleis open og prinsippet «første mann til mølla» gjeld.

Leiar for Os Handball, Christian Bugge, fortel at det i vinterferien er trenarar frå Bergen håndball Elite som skal ha øktene med dei eldste.

Går du i 1. til 7. trinn er det lokale krefter og eldre spelarar frå Os handball som trenar og inspirerer gjennom dagane.

– Å få elitespelarar til handballskulen for 7. - 9. trinn er inspirerande og utruleg lærerrikt, fortel han.

Todelt handballskule

Handballskulen er frå måndag til og med onsdag i frå klokka 9 til 15 for 1. til 7. trinn og alle spelarane får varm mat, drikke og frukt desse dagane.

Dei eldste spelarane i 9. til 10. trinn møter klokka 12 og avsluttar klokka 14 etter økter saman med elitespelarar frå Bergen.

Framleis ledige plassar

Bugge fortel at dei framleis har nokre ledige plassar på handballskulen.

– Hos oss er alle velkomne. Du treng ikkje vera handballspelar for å få prøva deg og ha det kjekt saman med oss i vinterferien, seier Christian Bugge som gler seg til å ta imot både nye og «gamle» spelarar over helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.