Lokal | 12. juni 2014

Framtidas eldreomsorg i Os

Lesarinnlegg: Korleis skal vi forma eldreomsorga i Os for framtida?

Framtidas eldreomsorg i Os
Luranetunet. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. juni 2014 07:41

Så sit vi her både unge og gamle med duppedittane våre. Mobil, iPad, datamaskin og andre små teknologiske oppfinningar. Me sms-ar og liker i haugevis. Fjesboka har også blitt ein arena for den godt vaksne. Instagram og snapchats fyke rundt i liva våre. Ja, me må berre innrømma da, det er blitt eit ”must” skal du vere med, og ikkje minst vere i dialog med dei rundt deg og andre.

Akkurat dette teknologiske samfunnet me lever i i dag må vera grunnleggjande i utviklinga og for eldreomsorga i framtida. Styringsgruppa som er oppnemnt og ressursgruppa i kommunen er i gang med planlegginga av denne viktige omsorga.

Og om ein ser i utviklingskula for framtida i Os kommuna og utviklinga i innbyggjartalet, så er den kurva i kula svært bratt og me ser ei stor auke i den godt vaksne garde. Og det er gledeleg. For desse er også gode ressursar for utviklinga av eldreomsorga. Dei må verta sett og høyrt i alle prosessar.

Når me også samstundes veit at dei menneskelege ressursane innanfor helse ikkje akkurat kan plukkast frå eit tre etter kvart som me treng dei, må dei menneskelege ressursane brukast på ein god måte tett saman med nyutviklande teknologi. Når ein no skal i gong å utvida Luranetunet må teknologien difor vera i fokus.

Samstundes må ein ha stor merksemd på rekruttering og vidareopplæring av dei me er så heldige og allereie har som gode medarbeidarar. Kunnskapspåfyll er viktig. Ikkje berre for leiarar, men og for tilsette. Her må me ha ein god balanse.

Dei eldre som treng tenester frå helseområdet i framtida vil nok vere busett i sin eigen heim lengst mogleg. Difor er det viktig å tenkja to tankar på same tid. Samtidig som ein utvidar på Lurane må me ikkje gløyma heimetenesta, og her skjer det ei rivande utvikling nettopp innanfor teknologi. Både for brukarar av tenesta og dei tilsette. Og det å få bruka ”duppedittane” sine sjølv om ein treng hjelp så er det berre positivt for framtidas helsebrukarar. Det vert greitt å ta ulike teknologiske funn i bruk for ein er vane med dei.

Utviding på Lurane? Har vi stilt oss spørsmål om kor grensa eigentleg skal gå for å ha ein, og ein aleine, omsorgsmastodont på Lurane? Kor stort skal det vera for at me set stordriftsfordelar som det store saliggjerande for drifta, for kvaliteten, for trivnaden? Og kva med tryggleiken?

Eg seier ikkje at det er manglar på verken det eine eller andre på noko som helst måte i dag. Men me må tora å vera opne, kommunisera og ha ein dialog saman om dette. Kanskje det er på høg tid å tenkja eldreomsorg to stadar i bygda? Etter ei siste utviding på Lurane. Det er alltid bra for ein organisasjon å kunna samanlikna seg og justera seg saman. Eller få gode idear og bli kreativ, anten åleine eller saman, til det beste for heile kommunen og deira innbyggjarar.

Den fysiske planlegginga av Lurane må stå i stil med det ein allereie har, samstundes bygga det fornuftig i høve til område i og rundt. Me må prøva å leggja parkering under jorda. Eit så flott område bør ha menneskeleg oppleving og ikkje utsikt over bilane. Brukar ein parkeringsområde trenger ein kanskje ikkje bandleggja så mykje meir av arealet rundt. Me bør og vera ein pådrivar og ivrig brukar av tenestedesign (organisering av menneske og infrastruktur, og utforming av møtepunkt, summen av møtepunkta utgjer opplevinga av tenesta). Dette er viktig, ikkje berre i eldreomsorga, men og i anna tenesteproduksjon.

Det å vere innovativ også i det offentlege må til for å få best mogeleg teneste ut i frå dei ressursar ein har til rådvelde. Og det kan ofte vera eit løft innan det psykososiale miljøet i ei eining til å auka trivselen og få ned sjukefråveret. Og dermed meir ressursar til bruk.

Eg ønskjer lukka til vidare i prosessen for utviklinga av eldreomsorga i Os .

Laila Marie Reiertsen
Os Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.