Lokal | 28. jan. 2015

Fredag kjem sola!

I morgon skal det sludda, men frå fredag får vi mange dagar med sol og kuldegradar.

Fredag kjem sola!
Os hamn ein vintermorgon. (Foto: KVB, vêrmelding: Storm.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. jan. 2015 08:43

Det nærmar seg vêromslag og sol og kulde. Det er meldt mykje nedbør i Os i dag og Storm og Yr melder ulikt for kvelden og morgondagen.

Storm melder regn og sludd ut kvelden og heile morgondagen, Yr melder opphaldsvêr frå i ettermiddag og ut torsdagen.

Men éin ting er dei einige om; fredag og resten av helga blir det sol!

Fredag er det venta 6 m/s vindstyrke, laurdag og søndag skal det bli endå meir stille, 1-2 m/s.

Storm melder noko kaldare vêr enn Yr, men dagtemperaturen skal ligga frå minus 2 til 2 pluss laurdag og søndag.

Sjå vêrvarsel for Osøyro, Storm og Yr side om side.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.