Kultur | 27. nov. 2015

Friskt pust første adventssøndag

Video: Søndag er det duka for ein adventskonsert i Os kyrkje. Ein spanande fusjon mellom Nornekoret og Bergen Brass Band ser dagens lys.

Cathrin Valestrandfredag 27. nov. 2015 07:26

Nornekoret og Bergen Brass Band (BBB) har gått saman om denne konserten, og det er duka for musikk på både inn- og utpust.

Messingblåsarane vert dirigert av osingen Karl Ole Midtbø, medan Norne-damene er under kyndig leiing av June Strønen.

Variert

Strønen lovar osingane ein variert konsert.

– Både Bergen Brass Band og vi i koret skal ha innslag aleine, men i tillegg har vi fellesnummer. Det er jul det går i, og songane er alt frå gode tradisjonelle, til nyare julesongar, og både på norsk og engelsk.

Spennande samarbeid

Samarbeidet med BBB kom i stand etter at Karl Ole Midtbø spurte om det var interesse for ein felles konsert.

– Det svarte vi sjølvsagt ja til med ein gong. Dette kan vera det som er med å skilja oss ut frå dei andre konsertane på denne tid. Det er mange korps og kor i Os! Brass-bandet gjev oss litt ekstra krydder, seier Strønen.

Nye omgjevnader

Nornekoret er ein del av Nore Neset Grendalag, likevel går ikkje konserten av stabelen på nokon heimearena.

– Nei, vi tykkjer det er kjekt å reisa litt rundt i kommunen, og byte litt konsertlokale. Os kyrkje er eit fantastisk hus, og i Os sentrum kjem vi kanskje litt tettare på osingane? Uansett blir det veldig kjekt, og vi håpar folk tek seg tid til å koma, avsluttar Strønen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.