Lokal | 22. jan. 2015

Front mot front i 40-sona

To bilar kolliderte ved Søfteland barneskule torsdag morgon.

Front mot front i 40-sona
Ulykka skjedde her i 40-sona ved Søfteland barneskule. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. jan. 2015 08:24

Torsdag klokka 6.20 fekk politiet melding om trafikkulykke på E39 i 40-sona ved Søfteland barneskule.

– Ei forbikjøring skal ha vore årsaka som førte til møteulykka, seier politioverbetjent Kenneth Rastad til Midtsiden.

Dei to bilane kolliderte i låg fart og det blei berre mindre personskade. Begge bilførarane, ei kvinne og ein mann i 30-40-åra, blei frakta til lege for sjekk.

Det var full stopp i trafikken ei stund etter ulykka, og dirigering frå klokka 7.

Det er førebels ikkje tatt beslag i noko førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.