
Frykta verken vind eller regn
Trass i meldingar om sterk vind og mykje nedbør kom det mykje folk til Os sentrum fredag kveld.
Oppmøte ved Visningssenteret 30 minutt før start var rikeleg margin i den kalde vinden, men ungane tente og sløkte faklane for å undehalda seg sjølv fram til Os Musikkforening litt over klokka 18 bles i gang toget.
Og toget blei om lag like langt som vanleg.
Inga spåkone
Inne på Torget tok kultursjef Lisbeth Axelsen imot, og sa ho rekna med at vêrgudane kom til å halda seg i ro i lang tid framover, så det var berre til å byrja å gå rundt juletreet.
Grana blei tent på første forsøk, musikarane spelte igjen og på andre låt viste vêrgudane at kultursjefen slett ikkje er noko spåkvinne.
Men litt regn hindra ikkje dei mange frammøtte i å fullføra fleire rundar rundt treet. Etter at alle hadde gått seg over sjø og land var det langope i butikkane og handelen heldt fram til klokka 21.
Julegatene blir ikkje tente i år
Lyslenkjene som tidlegare år har hengt mellom butikkane i Os sentrum kjem ikkje opp i år.
– Grunnen er rett og slett at fleire av dei er øydelagt og kostnaden med å reparera dei blir for høg, fortel Øystein Engevik, leiar i Os Sentrum.
– Planane er i staden at vi til neste år investerer i lys og lystepper som vi kan dekorera stolpane og gesimsane i sentrum med slik at vi igjen får ei skikkeleg julegate.
- I år må vi nok klara oss med dei julepynta beda og grana på torget, seier Engevik.
Men lysa i masta på Borgafjellet blir tent. Søndag klokka 14 skal det bli lys, om alt går etter planen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no

