Lokal | 24. mai 2017

Full bilførar stoppa på Søfteland

– Han framsto som godt skjenkt, seier politiet.

Full bilførar stoppa på Søfteland
Politiet fekk melding om vinglete køyring nord for Os sentrum. Her, på Søfteland, blei han stoppa. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no vaktnummer 97975200)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. mai 2017 07:27

Tysdag kveld fekk politiet tips om vinglete køyring på Byvegen nord for Os sentrum.

Ein patrulje rykte ut og stoppa bilen på E39 på Søfteland, mellom Stilvoll og Røykenes, klokka 20.11.

– Bilførar framsto som godt skjenkt, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Bilførar, ein mann i 40-åra (som ikkje er frå Os), blei tatt med for blodprøvetaking og er mistenkt for promillekøyring.

Det står ikkje notert om han hadde førarkort frå før. I så fall er det tatt beslag i dette.

Kvinne mista lappen

Tidlegare på kvelden, i 18-tida, blei ein bilførar stoppa på E39 Halhjemsvegen.

Også her var det meldt om vinglete køyring.

– Det blei av helsemessige årsaker tatt beslag i førarkortet til bilførar, som er ei kvinne i 40-åra, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.