Kultur | 31. mai 2011

Full sal med fint arbeid

Konsentrert frå morgon til kveld: Venninnegjeng frå Os samla 60 til stempel- og scrapbook-treff.

Full sal med fint arbeid
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mai 2011 07:38

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

– Det starta då Anne Marit flytta frå Oslo til Os og fekk oss i gang med scrapbooking, fortel Ingerid Verpe Jacobsen.

Ein gong i månaden samlar Anne Marit Nordgård, Ingerid Verpe Jacobsen, Nina Gading Kristiansen og Torbjørg Søvik seg ei heil helg for å laga kort og stempel.

– Så tenkte vi, kva om vi blei endå fleire? fortel Ingerid.

60 i same sal

Det første stempel-treffet, som dei kallar det, blei halde i 2008. Kortkvartetten var overraska over at det kom så mange som 25 og tenkte, «kanskje har vi kapasitet til 30?»

– I dag har vi vore 60, og her trur eg vi set strek, vi får nok ikkje plass til mange fleire.

Ingerid fortel at det er deltakarar frå både Bergen og Os, og nokre som er frå Øygarden, på campingtur i Fusa, men brukte heile laurdagen i gymsalen på Søfteland.

15 flittige timar

Scrapbookgjengen hadde lånt gymsalen på Søfteland til treffet laurdag. Dei første sto klare då dørene opna klokka 9, over halvparten blei igjen etter klokka 18 og dei siste plar runda av litt før midnatt.

– Vi organiserer med måltid og fleire har kaker og kaffimat med, så vi held blodsukkeret og konsentrasjonen oppe.

Hobbybutikk på plass

Enkelte butikkar er flinkare til å tilpassa seg marknaden enn andre. Den største hobbybutikken i området, Hobbykroken på Laksevåg, flytta laurdag heile butikken sin til treffet på Os.

– Ein garderobe er innreia som butikk og kassa-apparatet står rett utanfor. Dei har hatt ein god marknad her i dag, vil eg tru.

Konkurranse

Medan dei flittige unge og eldre damene hjelper kvarandre og jobbar side om side er det også litt konkurranse ute og går.

– Vi har fått sponsa ulike premiar og deltakarane kan sjølv melda på noko av det dei lagar. Deltakarane gjev så stemmer på det dei synes er finast og så blir det kåra vinnarar.

Årets vinnar er ei du gjerne ikkje bør forstyrra medan ho jobbar, Ellen Algerøy har vore noregsmeister i kroppsbygging og har 5. plass på VM i handbak.

– Eg byrja med scrapbooking for tre år sidan og synes det er kjekt å laga kort med personleg preg. Treffet på Os er eit hyggeleg tiltak der vi får inspirasjon og lærer nye ting, seier ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.