midtsiden

Fullt hus, vanskeleg gjest

– Dette er første gong vi har hatt bråk på blueskveldane våre, og det var berre ein bagatell som utløyste det, seier Joachim Wagner-Larsen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, oktober 29, 2011 - 08:35

Fredag kveld blei ein gjest på Peppes henta av politiet.

– Blueskveldane våre er alltid folksame, det var dei i går òg. Men dette er første gong vi har hatt bråk på ein blueskveld, fortel Joachim Wagner-Larsen.

Og det skal berre ha vore ein liten bagatell som vippa gjesten av pinnen.

– Sidan vi har så mange gjestar desse kveldane så serverer vi øl i plastglas. Dette har med tryggleik å gjera, vi vil ikkje risikera at vi får mykje glasbrot på golvet i restauranten.

Ros til politiet

Men ein av gjestane likte ikkje dette og blei både sint og utagerande då han ikkje fekk vanleg glas.

Mannen skal nettopp ha kome inn døra då han bestilte si første øl, men slo seg vrang då denne kom i plastglas.

– Eg var ikkje der sjølv, men vaktsjefen min sa at gjesten var så utagerande at ho følte seg ubekvem. I slike situasjonar ber eg betjeninga kontakta politiet, og dei var både raske og hjelpsame med å få mannen ut.

Same mann lagde bråk på Irish

Ifølgje politibetjent Therese Berensen skal Irish Cat først ha varsla om mannen.

– I 23-tida fekk vi melding om ein vanskeleg gjest på Irish Cat. Då vi kom fram var vedkomande gått frå staden, men same person dukka opp på Peppes kort tid etter, seier Berensen.

Wagner-Larsen håper at både vedkomande og andre viser forståing for at restauranten på dei mest tettpakka kveldane let tryggleik gå først og derfor serverer i plast.

Blue Note steppa inn

Fredag kveld sto opprinneleg veteranrockarane MMY på plakaten, men Magne Lunde, Yngve Moe og Mike Gallaher måtte dessverre melda avbod.

– Mike hadde eit familiemedlem i USA som blei sjuk, og måtte på reise, fortel Tore Rekve frå Osøren Blues & Jazzfestival.

Både MMY og erstattarane, Blue Note Shuffle, har spelt på Peppes før.

Mottakinga var like god som sist og samarbeidet mellom Osøren og Peppes held fram med Gina Aspenes og Nobody’s Business 25. november og Olav Undeland 17. desember.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11