Lokal | 30. jan. 2016

Fyllekøyring og innbrot

To bilførarar stoppa, mistenkt om promillekøyring. Syklist tatt med øks. Innbrot på Moberg.

Fyllekøyring og innbrot
Cathrin Valestrandlørdag 30. jan. 2016 09:27

Like etter midnatt vart ein bil stogga på Askvikneset. Politiet hadde mistanke om køyring i ruspåverka tilstand då føraren viste teikn på dette. Føraren fekk beslaglagt førarkortet på staden og vart framstilt for utvida blodprøve.

– Patrulja stoppa mannen, som er busatt i Os og kjent for politiet frå før, på bakgrunn av køyringa og at han prøvde å unndra seg kontroll. Han er mistenkt for å køyre i narkotikapåvirka tilstand. Difor blei han tatt med til legevakta for blodprøve, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

– Det blei ikkje funnen narkotika på mannen eller i bilen.

Motsatte seg blodprøve

I fem-tida i dag tidleg vart også ein anna bilførar stoppa på Søfteland mistenkt for høg fart og promillekøyring. Førarkortet vart beslaglagt, og det vart oppretta sak.

– Igjen var det patrulja sjølv som reagerte på køyringa. Også denne karen, som ikkje bur i Os, prøvde å unndra seg kontroll.

– Han blei mistenkt for køyring i alkoholpåvirka tilstand. Då patrulja ville ta han med til utvida blodprøve på legevakta motsatte han seg dette. Patrulja måtte difor nytta makt for å få tatt blodprøva.

Ber om hjelp etter innbrot

Omlag klokka 19.30 gjekk alarmen i ein bustad på Moberg.

– Huset var tydeleg merkt med at det hadde alarm, men det stoppa ikkje gjerningspersonen eller -personane frå å ta seg inn i huset.

– Vi rykte ut og har foretatt åstadsgransking for å sikre spor. Huseigar er bortreist, så vi veit ikkje heilt omfanget av kva som er vekke, men vi kan stadfesta at smykker er vekke.

– Det har vore innbrot både i Lysefjorden og i Fana den siste tida, så det er all grunn til å vera merksam, seier Rastad.

Sidan alarmen blei utløyst har politiet rimelig god kontroll på tidspunktet for innbrotet.

– Om nokon har sett noko i området Midtskogvegen/Stegen ber vi dei kontakta oss på 02800. Det kan vera ukjente folk som har gått i hagane eller på anna måte har oppført seg slik at folk har reagert.

Lagde kø og bar øks

Tidlegare på ettermiddagen, i 16-tida fekk politiet melding om ein mann som gjekk og trilla ein sykkel midt i Byvegen nord for Amfisenteret.

– Vi reiste ut og tok tak i mannen. Han var tydeleg rusa og gjekk og trilla på sykkelen midt i vegen. Han skapte med det lange køar.

– På mannen fann vi narkotiske tablettar og ei øks. I tillegg viste det seg at sykkelen var stole på Søfteland. Han blei tatt med til lensmannskontoret og satt her i nokre timar før han blei dimitert, fortel Rastad.

Mannen, som er kjent for politiet frå før, blir meldt for å ha narkotika på seg, for å ha gått rundt med våpen (øksa) på offentleg stad og for å ha stole sykkelen.

– Om han blir meldt for uro på offentleg stad i og med at han gjekk midt i vegen og lagde kø, er ikkje avgjort, avsluttar politiførstebetjenten.

Elles melder politiet om ein roleg fredag i Os, og lite hendingar i samband med uvêret .

Os brannvesen fekk kl 22.50 melding om tre og straumliner over Drangsvegen like før gamleskulen. BKK har vore ute og ordna opp i alle fall i første omgang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.