
Gamle sjusovarar
Tradisjon tru har Os kommune kjøpt to av avgangane med MS Midthordland under Osøren Blues & Jazzfestival.
Dei 140 billettane til kvart cruise, med konsert, blir selt til sponsa pris til eldre innbyggarar i Os og til innbyggarar som bur på institusjon.
– Som i fjor blei cruiset klokka 12 utselt ganske fort, men vi har framleis rikeleg med billettar igjen til det første cruiset, klokka 10, seier aktivitetskoordinator i Os kommune, Grete Byrkjeland.
Også i fjor var det ledige billettar til det første cruiset om formiddagen, og Bjørnefjordens dronning la frå kai utan å vera fullasta.
– Avkreftar dette myten om at eldre står så tidleg opp?
– Ja, det ser nesten sånn ut, ler Grete.
– Men eg kan ikkje forstå noko anna at eit cruise på fjorden, med god musikk og servering, må vera ein fin måte å starta dagen på.
– Dei som reiser med 10-cruset får dessutan mykje meir ut av dagen, reklamerer aktivitetskoordinatoren.
Samlside: Osøren Blues og Jazzfestival
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no