Lokal | 06. des. 2016

Går 25 millionar i pluss. Minst!

Os kommune styrer igjen mot eit rekordhøgt overskot takka auka skatteinntekter, låg rente og avkastning på finansane. Men det kan koma meir, ifølgje økonomisjefen.

Går 25 millionar i pluss. Minst!
Økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas har grunn til å gle seg over skatteinngangen i 2016, men minnar om at det nok er eit eingongstilfelle (foto frå budsjettkonferansen: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. des. 2016 13:05

I formannskapet tysdag la rådmann Christian F. Fotland og økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas fram ein rekneskapsrapport per oktober kor dei presenterte følgjande oppsummering.

«På bakgrunn av historisk skattevekst relativt til kommunesektoren samla, og faktisk skatteinngang pr. oktober, legg vi til grunn ein prognose på ca. 16 mill. kr i meirinntekt i frie inntekter for 2016.»

«Prognose pr. oktober viser at vi kan få ei innsparing på finans (eks. avkastning finansportefølje) på ca. 4 mill. kr.»

«Avkastning på finansporteføljen er 5,1 mill. kr pr. oktober og er ikkje lagt inn i prognosen.»

Totalt eit overskot på vel 25 millionar kroner om prognosene slår til, og det er det inga grunn til å tru at dei ikkje gjer.

Meir i vente

I sakspapira til kommunestyret har økonomisjefen lagt til grunn ein skattevekst på 8,7% per oktober for Os kommune. Snittet i kommunesekoren i Noreg er samla på 8,4%, medan den i Hordaland er 7%.

– No har skattetala for november begynt å komma inn. Prognosen på 8,7% blir slått kraftig. I dag vil eg tippa på at vi endar på rundt 11% skattevekst, men det er ikkje umogleg at vi når opp i maksanslaget på 12,2% avhengig av skatteinngangen i desember, fortalde Ingrid Karin Kaalaas.

Eingongeffekt i 2016

Økonomisjefen hadde ikkje vore økonomisjef om ho ikkje òg hadde evne til å hella litt kaldt vatn i ivrige politikarar.

– Grunnen til at det er ein så god skatteinngang i år er ei skattetilpassing grunna endring i reglar om utbytte. Det tyder på at det strømmer penger inn i systemet over heile landet, men når vi kjem til budsjett og prognosar for kommande år, så legg dei til grunn dei tre foregåande åra. Den gjennomsnittberekninga klarar ikkje å hugsa at dette er ein eingongseffekt i 2016, berre så de tek det med dykk. Men 2016 kjem til å bli eit kanonår på skatteinngang, understerka Kaalaas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.