Brannen var synleg frå stor avstand. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Garasje i full fyr

Ein garasje i eit bustadfelt bak Joker Søfteland sto måndag formiddag. Naboar høyrde to smell før dei oppdaga brannen.

image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Måndag formiddag byrja det å brenna i ein garasje på høgda bak Joker-butikken på Søfteland.

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut på meldinga om brannen, som var synleg på lang avstand.

«Os: Brenner i ein garasje på Søfteland. Nødetater på veg» meldte 110 Hordaland på Twitter klokka 11.56.

– Garasjen sto i full fyr. Vårt hovudfokus var å hindra spreiing til andre bygg, seier brannsjef Stein Gjøsund til Midtsiden.

Brannvesenet fekk raskt kontroll og hindra spreiing, trass i at vinden bles rett frå garasjen mot bustaden.

Ingen heime - ingen skadd

Det var ingen heime då brannen starta, men huseigar er varsla av politiet.

– Det er heller ingen personar som er skadd, opplyser politiet på staden.

Høyrde smell

Grunnen til at det byrja brenne er førebels ikkje kjend. 

Det var naboar som varsla om brannen. To av dei skal ifølgje vitne på staden ha fortald om to smell før dei oppdaga at garasjen sto i full fyr.

Mista straumen

Også ein lyktestolpe tok fyr i brannen, men det skal ikkje ha gått utover straumforsyninga i området, anna enn bustaden på den aktuelle eigedomen.

Det sto ingen bil i garasjen då den tok fyr.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.