Gaustad avgjorde på overtid
Etter to omgangar med massiv sjanseproduksjon blei det full pott og vill jubel i Lysefjorden.
Lysekloster tok i går imot Arna-Bjørnar til sjette serierunde.
Botnlaget tok leiinga etter ei misforståing cirka midt i første omgang.
– Våre spelarar trudde vi fekk kast, men kastet gjekk til gjestane, som handla raskt, kom seg gjennom og skåra til 0-1, fortel Ørjan Sandal.
Lysekloster - Arna-Bjørnar 2-1 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Joakim Hjelmeland og Tommy Gaustad
Lysekloster: Chris Midtun - Baste Jonassen, Aleksander Andersen, Preben Skorpen, Sindre Flaa - Hans-Christian Nysæther, Espen Birkeland, Joakim Hjelmeland - Ola Sjømæling, Lars Henrik Skage og Tommy Gaustad.
Innbytarar med speletid: Thomas Helland og Øystein Takle Eide.
– Hjelmeland utlikna på eit flott angrep av oss før pause. Vi skapte enormt med sjansar i går, men var litt upresise og for lite kontant i avgjerande fase.
I fint vêr og sesongens andre heimekamp på ny bane var det godt med folk på tribunen.
– Det var ekstra gøy å få den avgjerande skåringa av Gaustad på overtid. Dei fleste trudde nok at dette var dagen då ballen rett og slett ikkje skulle i mål, derfor blei det ekstra med jubel då vi sette inn 2-1.
Toppar tabellen
Lysekloster toppar no tabellen i 3. divisjon avdeling 7, men Sotra vil, om dei slår Brann 2 på måndag, koma a-poeng med Lysekloster.
– No har vi 4 sigrar og 2 uavgjorte. Vi er nøgd med starten på sesongen, seier Sandal.
Lyseloster speler neste kamp borte mot Lyngbø. Neste heimekamp går mot Nest-Sotra 2 måndag 1. juni.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.