Annonse

Annonse

midtsiden

Gav Bryne poeng

Med eit knallskot frå 25 meter opna Mats Cato Moldsred målkontoen sin i nyeklubben.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, august 25, 2010 - 22:09

Fredag i førre veke signerte han kontrakt med Bryne, allereie sundag fekk Mats Cato debuten sin og spelte heile kampen då Bryne tapte 0-1 for Ranheim på heimebane.

Onsdag kveld sørgja Moldskred for poeng til Bryne mot Sogndal på bortebane.

- Eg er glad eg greip sjansen, seier han til Midtsiden.no om eigen overgang frå Løv-Ham til Adecco-konkurrent Bryne.

Bryne låg under 2-0 for Sogndal, men utlikna på to minutt. Først reduserte Aleksander Midtsian (ja, med det etternamnet skulle han hatt jobb i ei nettavis på Os). Skåringa kom på straffe som Mats Cato skaffa då han blei felt. To minutt seinare fekk han nettkjenning sjølv.

- Midtstopparen til Sogndal rota litt med ballen. Eg snappa den og kom til skot frå 25 meter, fortel den ferske Bryne-spelaren.

Ballen gjekk rett i kryssen og Moldskred fekk si første skåring i sin andre kamp for Bryne, fem dagar etter signering.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: 
 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11