
Gav frå seg forsprang
Med mange resultat som gjekk Søre Neset sin veg i førre runde var det i går duka for at Søre Neset kunne rykka frå Rosendal, Solid og Eidsvåg med ei luke på fem poeng.
Men gårsdagens heimekamp mot Trott 1 enda med 0-2-tap og leiinga er på berre to poeng til dei tre argaste konkurrentane.
Søre Neset vann 3-2 over Trott på bortebane før sommaren.
Serieleiar (og allereie serievinnar) Lysekloster er garantert opprykk, men også 2. plassen i avdelinga gjev plass i 4. divisjon i 2012.
Alle laga i avdelinga har no spelt 16 av 22 kampar.
Sånn ser tabellen ut når det er 18 poeng igjen å kjempa om:
1. Lysekloster (46 poeng)
2. Søre Neset (28)
3. Rosendal (26)
4. Solid (26)
5. Eidsvåg (26)
6. Fitjar (23)
7. Trott 1 (23)
8. Vadmyra 2 (19)
9. Tornado Bergen (19)
10. Fusa (17)
11. Laksevåg 2 (16)
12. Baune 2 (9)
Søre Neset har desse motstandarane i dei siste seks kampane: Fusa (borte), Solid (heime), Vadmyra 2 (heime), Rosendal (borte), Baune 2 (heime) og Laksevåg 2 (borte).
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no