Lokal | 08. des. 2011

Gjekk i oppløysing

Bølgjebrytaren i Os hamn tapte i kveld kampen mot bølgjene. – Folk bør sjekka båtane sine.

Gjekk i oppløysing
Dei to ytste av dei ti delane har lausna frå kvarandre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. des. 2011 21:25

– Det skjedde nok då vinden auka i styrke til liten kuling og endra retning over på aust, seier Ole Bjarne Strønen frå Godøysundekspressen.

Strønen varsla kaiformannen i Os, Kjell Flaterås, som gjekk på inspeksjon på nyemoloen med Johannes Håkonsund frå teknisk avdeling i Os kommune.

Ingen tiltak i kveld

– Vi har varsla Storbergen Boligbyggelag, sidan det er deira anlegg, sa Flaterås.

Også ein representant frå Storbergen kom til plassen.

– Det ser ikkje bra ut, men det er ikkje noko vi kan gjera med det no, seier Arne Froestad.

– Sjekk båten din

På spørsmål om båtane innanfor bølgjebrytaren ligg trygt, svarar han;

– Kvar enkelt er forankra i botn, så dei skal ikkje hamna på rek sjølv om dei er lause frå kvarandre.

– Men vi har gått ein tur på bryggene innanfor, og det er ikkje alle som har fortødd båtane sine godt nok i dette vêret, seier Håkonsund.

– Fleire båtar ligg dårleg, så folk bør ta seg ein tur i hamna og sjekka.

God nok?

• Bølgjebrytaren blei montert i februar i år og består av 10 delar, kvar av dei på 12 meter.

• Ein månad seinare blei bølgjebrytaren røska laus av stor sjø.

• I mai var ny forankring på plass.

No gjenstår det å sjå korleis bølgjebrytaren toler vinterstormane som plar koma rundt nyttår, og om Storbergen ser seg nøgd med denne løysinga eller må finna på ein annan måte å forlenga den 205 meter lange nyemoloen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.