
Gjer som seniorane
Onsdag spelte juniorlaget til Lysekloster den avgjerande opprykkskampen mot Minde på bortebane. Med siger 4-1 befesta dei posisjonen som suveren serieleiar og sikra opprykket.
Dei kan dermed sjå fram til spel på nest høgste nivå neste sesong når dei skal spele 2. divisjon.
Juniorlaget til Lysekloster er nystarta og består i stor grad av 1. årsjuniorar og gutespelarar.
- Juniorane kan sjå tilbake på sesongen som ein suksess.
- Dei har hatt ei formidabel utvekling, kor mange trenar veldig bra, fortel Dagfinn Breivik til Midtsiden.no.
- No håpar vi at spelarane er klare for ein tøff og utveklande vinter.
- Vi har nok enno ein veg å gå for å vera gode i divisjonen over, men dit skal vi kome, slår Breivik fast.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no

