Lokal | 19. okt. 2016

Gjev garanti til vognhallen

Os kulturutvikling har søkt om kommunal garanti for å bygga allrom i vognhallen. Tysdag fekk dei positive signal frå formannskapet.

Gjev garanti til vognhallen
Vognhallen er eigd av Os kommune, men Os kulturutvikling disponerar den gjennom ei avtale med kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 19. okt. 2016 07:53

Bildeserie:

Slik er skissene Os kulturutvikling presenterer i søknaden
Slik er skissene Os kulturutvikling presenterer i søknaden
Ein ser for seg eit allrom og hems med ymse fasilitetar
Ein ser for seg eit allrom og hems med ymse fasilitetar
1 av 2
Slik er skissene Os kulturutvikling presenterer i søknaden
Ein ser for seg eit allrom og hems med ymse fasilitetar

I ein søknad til kommunen har Os kulturutvikling, som disponerer Vognhallen i Os sentrum i dag, søkt om garanti for eit lån på 1,7 millionar kroner og eit ikkje talfesta investeringstilskot frå kommunen.

Har allereie fått tilskot

Då formannskapet handsama søknaden, som også skal opp i kommunestyret 1. november, var det liten tvil om at politikarane ville følgja administrasjonen si innstilling om å gje den kommunale lånegarantien, men ikkje investeringstilskotet.

– Om eg har forstått saka rett, så blir det søkt om både lånegaranti og tilskot, men det argumenterast frå administrasjonen om at det er gitt tilskot tidlegare. Gir det meining å gje garanti utan tilskot, er det gjort nokre berekningar på dette, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Setninga om tilskot Nøttseter viste til var: «Os kommune ga i 2011 tilskot på 1 mill. kr til Os Kulturutvikling for eit liknande prosjekt. Dette prosjektet er ikkje gjennomført, men vi tolkar det slik at tilskotet er blitt tatt vare på og er ein del av eigenkapitalen som Os Kulturutvikling no vil legga inn i det nye prosjektet. Administrasjonen finn ikkje rom for ytterlegare tilskot i driftsbudsjettet.»

Vil la seg realisera

Ordførar Terje Søviknes (Frp) forsikra om at det ville la seg realisera utan nytt tilskot.

– Dette er ei sak som har lagt der i mange år. Intensjonen i si tid var å løfta kvaliteten på sjølve bygget og å skapa eit senter med kunst og handtverk. Planen var å bygga inn store delar av vognhallen, men det har så langt ikkje latt seg realisera. No kjem planane i eit nytt format, med realistiske rammer, kor det er bygd nokre kvalitetar inn i sørenden. Desse vil i tillegg vera flotte servicefunksjonar til bruk for resten av hallen.

– I møte med Os kulturutvikling så er dei tydelege på at dei får til prosjektet utan ytterlegare tilskot frå Os kommune. Os kommune har bidrege og vil bidra med ei ny avtale om disponering. På lang eller mellomlang sikt, så er det eit gode for Os kommune, vi vil sitta igjen med verdiane som dette nybygget representerar. Os kommune kunne gjort det sjølv, men det er fantastisk når ein frivillig aktør har lyst å gå inn og gjera det. Alt i alt er dette eit veldig godt prosjekt, påpeikte ordføraren, som fekk støtte frå Helge Steinum (Ap) og Marie Bruarøy (H).

Kan bli Osbane-senter òg

Steinum støtta å gje lånegarantien, men lurte på om det var teke omsyn til Osbanehistoria.

– Nokre seier dei vil ha inn ei jernbanevogn frå den gamle Osbanen der. Snakker desse partane saman, undra Steinum.

– Eg har hatt dialog med organisasjonen som jobbar med restaurering av vogna som sto på Kismul. Den står no i Lidl-lageret og vil nok gjera det ei stund. Det er eit omfattande arbeid å restaurera den.

– Det har vore eit ønskje frå den organisasjonen at ein tek høgde for at ein på eit tidspunkt kan få synleggjort meir av historia til Osbanen ved at vogna får stå i området ved vognhallen og stasjonsbygningen. Eg tenkjer det er naturleg å skriva inn klausular på dette i den nye avtalen med Os kulturutvikling, svara Søviknes.

Dette er planane

I søknaden frå Os kulturutvikling kjem det fram at dei planlegg eit omlag 155 kvadratmeter stort allrom.

– Vi ønskjer å vidareutvikla vognhallen som arena for kunst- og kulturhendingar i Os. I sørenden av hallen planlegg vi eit ca. 155 kvadratmeter stort innebygd «allrom» som har plass til utstillingar, verkstad/gjesteatelier og intimscene. bygget er tenkt utstyrt med faldeveggar som vil gjera det lett å tilpasse lokalet alt etter aktivitet og kor mange som deltar. Bygget vil også ha ein hems og fasilitetar som kjøken, garderobar/wc og lager.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.