Butikksjef Trude Glesnes Bakkely saman med to av dei tre tilsette i butikken, Anniken Aadland og Frode Strønen. Linn M. Lokøy hadde fri laurdag (foto: Andris Hamre)

Gleder seg over å opna

Det var stor interesse og bra trøkk då Grønt Fokus opna med kjendiskokk og drivhusentusiast Trond Moi bak grytene laurdag.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I byrjinga av april blei det kjend at Grønt Fokus, som driv med sal av hagestover, drivhus, skyvedører, vindauge, ytterdører og garderober skulle flytta inn i delar av lokalet til Plantasjen på Gudridflaten. 

– Den 2. mai var vi på plass, men vi ville ha nokre dagar på å læra oss datasystemer og få alt på plass før vi inviterte til offisiell opning, fortel butikksjef Trude Glesnes Bakkely.

Stor interesse

Dei fire ansatte har vore med på å bygga opp butikken frå grunnen av og har på den måten blitt godt kjent med det dei skal selgje.

– Interessa har vore enorm, heilt frå vi starta med å byggje opp butikken. Folk har kome inn for å slå av ein prat og spørje om ulike løysingar. Vi har blitt utruleg godt mottatt og har hatt stor pågang.

Kjøpte hagestove på impuls

Bakkely trur beliggenheten hos Plantasjen er ein fordel.

– Det er spennande å ligga her. Kundegruppen er mykje den same. Folk som kjem til Plantasjen for å handle blomer, svinger gjerne innom oss for å hente inspirasjon og sjå på ulike løysingar.

– Hagestover og drivhus er vanlegvis ikkje noko ein kjøper på impuls, men vi hadde ei dame innom førre helg som kom med to busker og ei rake og gjekk ut igjen med ny hagestove. Om meinte det blei dyre buskar, ler Bakkely.

Samarbeider på tvers i bygda

Det er ikkje berre Plantasjen Grønt Fokus har eit godt samarbeid med.

– Utstillinga er med møbler frå 2Villa, Plantasjen og oss sjølv. I tillegg har fotograf Trond Årvoll stilt ut bilder. Det er kjekt at vi kan visa fram også andre butikkar i bygda i utstillinga. Forhåpentlegvis gir det positive ringverknader.

Kan byrja tidlegare

Kjendiskokk Trond Moi serverer grønnsakssuppe på opningsdagen, kor det òg blir trekking av gåvekort.

– Eg kjøpte meg sjølv det drivhuset du ser der borte for ikkje så lenge siden. Der dyrkar eg ulike grønsaker til bruk både privat og i restauranten, fortel Moi.

– Kva er fordelen med å dyrka i drivhus?

– Den største er jo at du kan byrje tidlegare. Du kan så i drivhuset før du flyttar det ut når frosten har gått. I tillegg gjev det jo også moglegheiter for å dyrke mykje spennande som ein ikkje får til å veksa ute. Eit døme på det er fiken, som eg sjølv driv å leiker meg med, smiler Moi.