Sport | 31. jan. 2016

God 1000 meter av Sverre

Sverre Lunde Pedersen merkar formen er på gang. Søndag gjekk han ein god 1000 meter.

God 1000 meter av Sverre
Det spruta av Sverre Lunde Pedersen på 1000 meteren søndag (foto: Andris  Hamre)
Andris Hamresøndag 31. jan. 2016 11:34

Sverre gjekk ein god 1000 meter søndag formiddag, då han klokka inn på tida 1.10.27 og ein sjuande plass i B-pulja. Rett nok måtte han sjå seg slått av lagkompisane Håvard Lorentzen (4. plass, 1.10.17) og Håvard Bøkko (5. plass, 1.10.18).

– Eg klarte ikkje slå dei i dag, men det var tett og vi gjorde det bra som lag. Det var viktig i forhold til å plukke verdscup-poeng slik at vi held kvota av løparar.

– Så det er ei lita ekstrakonkurranse dykk løparane på laget imellom òg?

– Ja, litt konkurranse er det, men eg unnar sjølvsagt dei andre å gå gode løp, så får eg heller ta dei seinare, smiler Sverre Lunde Pedersen.

Stadig bedring

Med sin eigen 1000 meter er han rimeleg godt nøgd.

– Det var betre i dag enn på 1500 meteren. I tillegg går eg ei god siste runde. I dag tapar eg nok i forhold til dei andre i starten. Den var ikkje helt på plass.

Satsar på toppform i VM

Sjølv vurderar Sverre at han har litt å gå på før toppformen er inne.

– I går, på 5000 og i dag på 1000 merker eg at formen er på gang. 1500 meteren er eg ikkje nøgd med.

– No er det berre å trena godt her i Stavanger nokre dagar før eg kjem heim ein liten tur for å slappa av litt. Så er det VM i Russland. Då trur eg toppformen skal vera der.

Magisk stemning

Midtsiden har denne helga arrangert tur saman med Os Reisebyrå til verdscupen i Sørmarka Arena. I tillegg har ei rekkje osingar tatt turen på eigenhand.

– Det har vore kanongøy å gå på heimebane med så mange kjende på tribunen.

– Under 5000 meteren i går var det heilt magisk. Det er mange som skryt av stemninga og arrangementet her nede, avsluttar Sverre Lunde Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.