
Joakim Blostrupmoen var tilbake og satte heile 8 ballar i nota. Her i ein tidlegare kamp mot Årstad (arkivfoto: Andris Hamre)
God kamp - null poeng
Etter ein lang juleferie har Osherrane starta vårsesongen med to kampar på fire dagar. Laurdag slo dei Gneist 27-20 på bortebane. Tysdag var det ny bortekamp, denne gangen mot Mathopen.
- Mathopen er eit bra lag med fin blanding av rutinerte og unge spelarar som har slitt med å plukke poeng sålangt i sesongen, seier Ostrenar Leif Idar Røen.
Fulgtes åt
Då dei to laga møttest i Oshallen i haust knuste Os Mathopen med heile 11 mål, tysdag blei det ein heilt anna kamp kor dei to laga bytta på å ligge eitt og to mål foran.
- Som sist mot Mathopen spelar vi ein god kamp, men denne gongen vippar det ikkje vår veg.
- Vi blir etterkvart for sårbare med ein liten stall når vi får fleire småskader utover i kampen.
- I tillegg mangla vi eit par mann som er på reise om dagen, forklarar Røen.
Blei slitne
Noko hjelp frå dommarparet var det heller ikkje å henta i den tette kampen. Med heile fire utvisningar og eitt direkte raudt kort (mot Mathopen sin eine to-minuttar) tok kreftene etterkvart slutt.
- Vi har sjansen til å berga iallefall eitt poeng på sluten, men gjer nokre dårlege val framover på banen som gjer at vi ikkje får ballen i mål, forklarar Røen som trekk fram Joakim Blostrupmoen som dagens spelar.
- Joakim er tilbake etter ei lita downperiode og klinkar inn 8 mål. Det er eg veldig nøgd med, avsluttar Røen.
Mathopen-Os 28-26 (16-16)
Utv: Mathopen 1x2 min, Os 4x2 min + eitt raudt kort
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Dahl 3, Isak Røen 1, Daniel Røen, Ove Lyssand 9, Frode Vindenes, Øystein Skarding 4, Joakim Blostrupmoen 8, Andris Hamre, Joakim Nøkleby 2, Steinar Gaasdal.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no