Sport | 02. aug. 2013

God kjøring med liten motor

Karoline Breivik stilte med færre hestekrefter enn fleire andre, men gjorde likevel god figur i landsfinalen i bilcross.

God kjøring med liten motor
Karoline Breivik. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. aug. 2013 11:26

Bilcross-kjørar Karoline Breivik frå Os deltok i helga i landsfinalen i Melhus utanfor Trondheim.

– Det blei to 4. plassar og ein 2. plass i dei tre heata, fortel coach, bestefar og tidlegare rallykjørar Håvard Gåssand.

Blant 129 førehandskvalifiserte kjørarar hamna Karoline på 71. plass.

Færre hestekrefter

– Vi hadde ein større motor i bilen tidlegare i år, men fekk problem med den og måtte setja den gamle på rundt 100 hestekrefter tilbake i bilen.

– Medan mange av dei andre stilte med ein del større motor, gjerne rundt 200 hestekrefter.

Tidlegare har starten vore blant det Karoline har vore sterk på.

– Det mista ho litt i vår, men var heldigvis tilbake no i landsfinalen, trass i svakare motor. Elles kjører ho nærmast feilfritt, så no jobbar vi vidare med å skaffa ny motor.

– Men ho kjører nok med same bil og motor ut denne sesongen, seier Gåssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.