Sport | 19. juli 2016

God start på Gothia Cup

Tyskarane er slått, svenskane er slått og Os junior toppar gruppa før møtet med brasilianarane (som blir sendt live).

God start på Gothia Cup
Os stiller med ein tropp på desse 16 spelarane i Gothia Cup (mens to andre juniorlag frå Os skal til Norway Cup om ei god veke). (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juli 2016 10:16

Os er sikra plass i A-sluttspelet etter at dei i formiddag tok sin andre sigeri gruppespelet.

I første kamp, som gjekk mot tyske VFL Westercelle, fekk Os ein mann utvist halvvegs i førsteomgang (tidspunktet på nett er feil). Tom Gabriel Rondestveit kjefta på dommaren etter eit frispark, og dommaren hadde kort lunte.

Rett etterpå hamna Os under 0-1.

– Vi var klart best og vi klarte oss også bra med éin mann mindre, seier trenar Odd Jarle Hjelle.

Kampane går over 2 x 30 minutt.

Etter pause, med éin mann mindre, byrja Os å skåra.

Utlikninga kom ved Torgeir Lunde mens Øystein Takle Eide gav Os leiinga få minutt seinare.

Fabian Bødtker auka til 3-1 og Os vann første innleiande kamp. (Det står feile målskårarar på nett då Os spelte med kvite bortedrakter med andre draktnummer enn dei opprinnelege gule).

Vann 2-0 i dag

Tysdag formiddag gjekk andre gruppekamp. Svenske Assyriska BK tapte 0-3 for brasilianske Space/Ordin i går, i dag sto det 0-0 fram til 17 minutt var spelt.

Eit innlegg av Knut Spangelo Haga førte til sjølvmål og Os gjekk opp i 1-0. Eit innlegg av Eric Skorpen rett før slutt enda med at keeper gav retur, ein retur Øysten Takle Eide sette inn til sluttresultatet, 2-0.

– Vi er nøgd med starten og med opphaldet så langt. Vêret er fint, men ikkje for varmt til å spela, 20-22 gradar er nett passeleg når du er på cup, seier Hjelle.

Tidlegare i dag tapte brasilianarane for tyskarane som Os slo i går. Kampen enda 0-1.

Os, som uansett er vidare til A-sluttspel, speler mot laget frå Brasil klokka 14.20 i morgon.

Kampen blir filma og sendt live på Gothia Cup sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.