Vêret i Os | 13. des. 2022

God timing i BUA

Hadde akkurat tatt fram vinterutstyret - så kom snøen.

God timing i BUA
BUA OS: Prosjektleiar for BUA Bjørnafjorden Mari Lyssand. BUA har fått vinterutstyret fram. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitirsdag 13. des. 2022 15:32

BUA Os har nettopp funne fram vinterutstyret, og det klaffa perfekt med vinteren som kom i natt.

Vil du ut på tur i snøen, men har ikkje utstyret du treng, då kan du låne det hos BUA.

Mykje av vinterutstyret deira er heilt nytt.

– Det blei kjøpt i fjor, og mykje av det er endå ikkje blitt brukt, seier Mari Lyssand, prosjektleiar for BUA Bjørnafjorden.

BUA Os, som ligg ved hovudbiblioteket i Os, er open i dag frå klokka 15.00 til 19.00

Ønskeliste til BUA-nissen

BUA Os har eit godt utval av utstyr. Men etterkvart ønsker dei å utvida tilbodet endå meir.

Og dei vil at du som er lånar hos BUA skal komme med tips til kva dei treng.

– Vi kjem stadig på ting vi tenker hadde vore praktisk og lurt å ha. Men det er jo dei som låner hos oss som veit best.

Derfor har dei hengt opp ønskeliste til BUA-nissen.

BUA-nissen: Ønsk deg noko til BUA. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)
BUA-nissen: Ønsk deg noko til BUA. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)

På lista kan du skrive opp kva du ønsker eller saknar å kunne låne hos BUA.

Blant anna har folk ønska pulk, feller, popcorn-maskin, lavo, delbare kajakkårer og akematter.

Førstemann til BUA

Hos BUA kan låne så mykje utstyr du treng. Her er det «førstemann til mølla» som gjeld.

– Når det er tomt, så er det tomt. Men frå januar begynner vi med reservasjon på ein del av utstyret. Bur du på Drange, så er det fint å kunne reservera og vita at skia er her når du kjem, forklarar Lyssand.

BUA OS: No er vinterutstyret klart til utlån hos BUA. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)
BUA OS: No er vinterutstyret klart til utlån hos BUA. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)

Ho presiserer at det også vil vere utstyr som ikkje kan bli reservert. Det skal vere gode moglegheiter for begge delar.

– Det vi såg når skulane starta opp igjen etter sommarferien, var at dei er super flink på å vere spontan. Då har dei nytta seg av BUA, og fått lånt ymse utstyr til teltturar dei skal på samme dag.

Lyssand trur skulane er med på å gjere BUA meir kjend for folk.

– Det er ikkje alle som veit om tilbodet vi har. Etter klasseturar merkar vi at det kjem fleire foreldre innom.

Ja takk til fleire frivillige!

BUA er ein organisasjon som jobbar aktivt for å betre folkehelsa, redusera forskjellar og vere meir berekraftig.

BUA Os og BUA Eikelandsosen treng fleire frivillige.

– Vi vil gjerne lokka til oss fleire frivillige. Om du har tid, eller er spesielt interessert i friluftsliv og kan gi litt rettleiing til dei som treng det, eller om du er hendig og glad i å fiksa ting, så må du gjerne ta kontakt med oss, seier Lyssand.

BUA OS: No er vinterutstyret klart til utlån hos BUA. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)
BUA OS: No er vinterutstyret klart til utlån hos BUA. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)

BUA Os er open kvar tysdag kl. 15.00 til 19.00. Og BUA Eikelandsosen er open kvar torsdag kl. 14.30 til 18.00.

– Om du treng å låne utstyr utanfor opningstida, skal vi så klart hjelpa om vi er tilgjengeleg.

Opningstid i jula

Om du har planar om ein skitur i jula eller barna vil ake med akebrett er BUA Os open i romjula.

Dei er open tysdag 27. desember og torsdag 29. desember. Frå klokka 11.00 til 15.00.

BUA OS: No er vinterutstyret klart til utlån hos BUA. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)
BUA OS: No er vinterutstyret klart til utlån hos BUA. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)

– Vi har mykje utstyr. Skøyter har vi i størrelsar 28 til 47. Vi har akebrett, ski, snowboard, bålpanne og padeltennis-racket og mykje meir.

Du kan enkelt registrera deg som lånar på BUA sine heimesider. Er du under 18 år, kan ein vaksen registrera deg som medlånar.

BUA Eikelandsosen er dessverre ikkje open i veka før jul og i romjula.

– Men dei er open på torsdag denne veka. Om du lånar utstyr då, er du så heldig å få låne utstyret i heile tre veker, seier Lyssand og smiler.

Les meir om kva du kan låne hos BUA her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.