
Trygve Dahl blei toppskårar for Os med 8 mål (Arkivfoto: Solveig Sønnøve Hamre)
Godkjent trass tap
Torsdag kveld møtte eit skadeskutt Os-lag til kamp mot andrelaget til Bjørnar. Os var lenge med på notene, men det blei for tøft på slutten.
- Vi gjer ein ok kamp, men slit med at vi har mange spelarar som er skadd, seier trenar Leif Idar Røen.
Både Ove Lyssand, Frode Vindenes og Joakim Blostrupmoen måtte stå over kampen grunna skade eller sjukdom. I tillegg måtte ungguten Johan Nydal gå ut tidleg i andreomgangen grunna ein dårleg arm.
For å bøta litt på problemet hadde Røen henta inn superveteran Hans-Arne Eidsvik, men Os blei likevel for tynne.
- Spelemessig følgjer vi dei langt utover i kampen og med fullt lag hadde absolutt sigeren vore innan rekkevidde, meiner Røen.
Kan ikkje venta meir
Moralen i laget er bra, sjølv om dei to siste kampane har enda med tap.
- Vi kan nesten ikkje forventa noko meir når vi ikkje er fleire. Det er der vi er i dag, avsluttar Røen.
Han trekk fram Trygve Dahl og Johan Nydal som Os sine beste spelarar i torsdagens kamp mot Bjørnar.
Bjørnar2 - Os 32-26 (15-12)
Utv: Bjørnar 3x2 min, Os 3x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Andreas G. Sennesvik, Trygve Dahl 8, Isak Røen 5, Daniel Røen 4, Hans-Arne Eidsvik 2, Johan Nydal 3, Anders Kloven 1, Øystein Skarding 2, Andris Hamre 1, Steinar Gaasdal.
Neste kamp har herrane mot Viking 2 i Haukelandshallen tysdag 14. februar.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no