Sport | 14. sep. 2014

Gøy i fjorden

Underhaldande offensiv fotball gav knusesiger til Lysekloster som ikkje gav seg før det sto 6-2 på måltavla.

Gøy i fjorden
Joakim Hjelmeland set inn 6-2 til Lysekloster (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 14. sep. 2014 16:14

Lysekloster strålte om kapp med haustsola heime på Ende sundag då dei valsa over Fyllingsdalen 2. 3-2 til pause blei til 6-2 ved full tid. Rett nok hjulpen av to sjølvmål.

– I dag koste alle seg på banen. Det var rett og slett kjekt, smiler Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund.

Det var den gamle Brannspelaren Olafur Bjarnason som starta skåringsballet i Lysefjorden etter berre fire minutt. Stopparen fekk stå heilt aleine på framre stolpe og heada ballen kontant i mål.

Berre to minutt seinare brakte Preben Borgen balanse i regnskapet då han satte ein retur frå keeper kontant i mål.

2-1 kom på straffe av Baste Jonassen etter at Thomas Helland hadde blitt lagt i bakken av tidlegare nemnde Bjarnason.

Igjen kom Fyllingsdalen tilbake og utligna til 2-2, men derfrå og ut hadde Lysekloster full kontroll.

3-2 kom etter at Joakim Hjelmeland kom seg fri på venstrekanten og la inn til Thomas Helland framfor mål. 4-2 og 5-2 sørga Fyllingdalen sitt forsvar for med to sjølvmål, kor dialogen mellom keeper og forsvararar ikkje var heilt patent. I tillegg la Lysekloster hardt press på dei.

6-2 sto Joakim Hjelmeland får to minutt på overtid, denne gongen var det Preben Borgen som kom rundt på kanten og la inn til ein umarkert Hjelmeland som frå to meter kunne settja ballen enkelt i mål.

Gode offensive, svakare bakover

Lyseklostertrenar Torbjørn Birkelund er naturleg nok godt nøgd med kampen.

– Vi spelar veldig bra framover. Offensivt så sprudlar vi rett og slett.

– Så er vi litt lite samkøyrde bakover. Vi er òg litt for dårlege defensivt ein mot ein.

– Det er nok noko vi må retta på gjennom vinteren, men det heiter jo at angrep er det beste forsvar og det ser vi i dag.

– Vi skapar mykje og har god kontroll på kampen, analyserar Birkelund.

Gode debutantar

Jens Aase og Oscar Lopez Borgersen fekk båe debuten frå start i sundagens kamp.

– Det var utruleg kjekt å sjå korleis dei levererer når dei får sjansen.

– Spesielt Oscar gjer ein kanonjobb på midtbanen. Ikkje berre er han ballsikker, men den aggresiviteten han viser i gjennvinningsfasen i dag er forbilledleg, skryt Birkelund.

Lysekloster - Fyllingsdalen 2 6-2 (3-2)
Gule kort: Olafur Bjarnason (Fyllingsdalen)
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Baste Jonassen, Johannes Jordal, Jens Aase, Preben Borgen, Tore Valvik, Thomas Helland, Preben Skorpen, Oscar Lopez Borgersen, Aleksander Andersen, Joakim Hjelmeland.
Innbyttarar med speletid: Simen Birkelund, Endre Hansen og Martin Eidsvik.

SJÅ TABELLEN

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.