Lokal | 10. des. 2015

Gründere, no er tida her

Aldri før er tida nett no ei viktig tid å løysa ut gründeren i deg, skriv Laila Reiertsen (Frp) i dette lesarinnlegget.

Gründere, no er tida her
Laila Reiertsen (foto: AH)
Lesarinnleggtorsdag 10. des. 2015 08:50

Landet vårt har store utfordingar, blant anna merker me her vest ei særs stor auke i arbeidsløysa. Noko som får store konsekvensar både for samfunnet og for den einskilde, og denne sin familie.

Men aldri før er tida nett no ei viktig tid for å løysa ut gründeren i deg. Særs kvinner bør ta steget ut å få ideen sin satt ut i livet. Dette fordi ein veit at det er fleire menn enn kvinner som startar opp for seg sjølv. Og eg nektar å tru at kvinnene har færre idear enn menn. Men kanskje kvinner ikkje vågar like mykje som mennene?

Det er då ein må legga forholda meir til rette for å våga å ta steget til å starta opp for seg sjølv.

Regjeringa har sett fokus og på dette området. Med ein ny gründerplan og Innovasjon Norges nye tiltak for å hjelpa enda fleire i gang. Samtidig har regjeringa sett av 400 millionar ekstra i 2016, nett for å få i gang nyetableringar. Ein fortsetter også med forenkling og avbyråkratisering.

Vi må få fram ein kultur for gründerskap i Norge. Og vi må være mange som støtter dei som vil satsa. Her må dei gode ideane få sine utløp.

Kommunar er og ein viktig aktør i gründerprosessen. Her må ein være ein aktiv pådrivar for nyetableringar. Arbeidsplassar i eigen kommunen vert resultatet. Og ikkje minst vert kommunen ein populær næringslivspådrivar.

Sverige er god på gründervirksomhet. Og dei har hatt stor suksess med at det vert gjeve skattefradrag inntil 650.000 svenske kroner pr. person per år på investeringer opptil 1,3 millioner kroner.Det er klart at slike incentiv må også Norge vurdera.

Laila Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP Hordaland
Familie og kulturkomiteen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.