
To gull i Berlin
Om fjorten dagar reiser han til Malaysia og Verdsmeisterskapet i karate. Som oppkøyring til VM deltok landslaget i helga på eit stort internasjonalt stemne i Berlin.
Åsmund Slettevold som går i junior -76 kg og i open klasse fekk ei stri helg med heile åtte kampar, men med to gull heim i kofferten.
- Det var ei heil suveren oppkøyring til VM.
- Eg har aldri gått så mange kampar i eit stemne før, fortel Åsmund Slettevold.
God kontroll
Kampane går etter eit cup-system kor vinnaren tek seg videre til neste kamp. I -76 kg stilte omlag 16 utøvarar til kamp, medan det i open klasse var omlag 40 deltakarar.
- Eg følte eg hadde god kontroll i alle kampane og låg aldri under på poeng.
I jr -76 kg møtte guten frå Søre Neset ein tysk utøvar som fekk smake den norske slagkrafta.
- I open klasse møter eg den norske meisteren i tungvektsklassa.
- Gard, eg hugsar ikkje etternamnet hans i farta, er kjempegod og det blei ein tøff kamp, fortel Slettevold.
Trenaren imponert
Trenar Cato Bruarøy fekk seg ikkje ein Tysklandstur denne gongen, men fekk med seg eleven sine prestasjonar heimefrå.
- Dette er ein av dei aller beste prestasjonane til Åsmund.
- Eg hadde eit håp etter at han vann NM og Stockholm Open tidlegare i sommar, men at han skulle vera så god hadde eg ikkje turt å håpe på, seier Bruarøy.
Førsteårs-senior
Storebror til Åsmund, Erlend Slettevold var òg med i Tyskland.
- Erlend er førsteårs senior og planen er at han skal gå mest mogleg internasjonale stemne for å venja seg til seniornivået, forklarar Bruarøy.
Erlend fekk eit tøffare stemne enn lillebroren og måtte til slutt ta til takke med ein sjuende plass i -75 kg.
- Som Åsmund fekk Erlend ein rekkje kampar i beina sidan han gjekk både lag og open klasse i tillegg til si individuelle klasse, avsluttar Cato Bruarøy.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no