Dei unge Os Turn-spelarane jubla då VM-gullet var sikra (foto: Andris Hamre)

Gull på storskjerm

På nyinstallert storskjerm i klubbhuset fekk unge handballspelarar sjå VM-siger til Noreg.

Av: Andris Hamre Mandag, desember 19, 2011 - 08:52

For ein månad siden blei det kjend at Leif Idar Røen blei dagleg leiar på Kuventræ då Os Turn Handball og Os Turn Fotball slo seg saman om å engasjera han i ei 50%-stilling.

1. desember tok han fatt på jobben. Noko av det fyrste han greip fatt i var å oppgradera klubbhuset slik at det kan bli ein samlingsplass for medlemmane og eit møte-/seminarlokale.

- Hovudstyret hadde satt av eindel midlar til oppgraderinga, men hadde ikkje fått gjennomført desse. Difor blei vi einige om å starte med å oppgradera storsalen med nytt AV-utstyr slik at vi mellomanna kan samlast for å sjå kampar på storskjerm, fortel den nytilsette daglege leiaren.

Miljøskapande

Sundag hadde handballgruppa samla eit 20-tals spelarar frå guttar 11, via jenter 14 til herrelaget for å sjå på VM-finalen mellom Noreg og Frankrike saman.

- Det er viktig å byggje eit miljø på tvers av laga. Eg trur slike anledningar er ei god måte å gjera det på.

- No blei det litt kort varsel på dette arrangementet, vi bestemte oss ikkje før i går kveld, men no har vi testa det og kan love at det kjem nye sjansar til høg stemning i klubbhuset også seinare, avsluttar Leif Idar Røen.

Vann tippekonkurranse

Og stor stemning blei det. Etterkvart som dei norske jentene fossa frå Frankrike sto jublene i taket.

Ei ekstra spenning av kven av Osingane som ville vinne konkurransa om å tippe rett resultat. Sjølv om dei speler handball sjølv var det ikkje enkelt å spå korleis det ville gå i Brasil. Etter finrekning viste det seg at den daglege leiaren kan meir enn å oppgradere klubbhuset. Røen tippa nemleg at Noreg skulle vinne med åtte mål.

Ps. Noreg vann 32-24 :-)

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Litt skeptiske i byrjinga av kampen, men etterkvart steig stemninga (foto: AH)

Litt skeptiske i byrjinga av kampen, men etterkvart steig stemninga (foto: AH)