Gullet glapp
Ina Grindheim leia med 3 poeng då det sto 25 sekund igjen av finalen. Men så gjekk kampen til ekstraomgangar.
Etter at Eirin Dale tok bronse, som i EM i 2010, var det i dag den andre kickboxaren frå Os, Ina Grindheim sin tur å gjenta bragden frå Athen, der ho tok gull.
Det klarte ho nesten.
– Motstandar Caradh Odonavan frå Irland er ei Ina har kjempa jamne kampar mot før, dei har vel vunne like mange oppgjer kvar, seier landslagsstrenar Gianpaolo Calajò.
– Odonavan kjempar uortodoks og er vanskeleg å lesa. Det handlar ikkje så mykje om fart og styrke, men om taktikk, når det kjem til denne gode irske kickboxaren.
Finalen starta jamt, Odonavan tok poeng då Ina gjorde feil, Ina stressa Odonavan med mange spark, som ho også skåra på.
– Kampen var jamn heilt fram til 3. og siste runde. Då sette Ina inn eit ekstra gir og drog ifrå. 25 sekund før full tid leia ho med 3 poeng.
Ekstraomgang
Men då Odonavan sette inn sluttspurten hadde ikkje Ina krefter igjen, til full tid sto det uavgjort og finalen gjekk til ekstraomgang.
Der tapte Ina med to poeng og må dermed nøya seg med ein fin sølvmedalje i pointfighting -65 kg.
– Ina går ein god kamp, men med hennar svært energikrevjande stil blei det litt for hardt.
Noreg nest beste nasjon
Noreg tar med 7 medaljar heim frå EM i Romania og er nest beste nasjon av 35 deltakar-land.
Berre Russland tok fleire medaljar.
Her er oppsumeringa av EM-fangsten:
Gull
Tonje Sørlie, -56 kg fullkontakt
Thea Therese Næss, -60 kg fullkontakt
Cathrine Fonnes, -65 kg fullkontakt
Sølv
Ina Grindheim, -65 kg point fighting
Andreas Lødrup, -75 kg fullkontakt
Bronse
Eirin Dale, -55 kg point fighting
Hallgeir Lien, -71 kg fullkontakt
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.