Fotball | 24. sep. 2015

Gullkullet får eige seniorlag

Opprettar Os 3: 96-årgangen til Os var blant Vestlandets beste gutespelarar. No har dei trappa ned, men står utan tap etter 12 serierundar som sisteårs junior.

Gullkullet får eige seniorlag
Lars Erik Lunde og Thomas Kopperud, her i 2012, er blant dei store talenta som har trappa ned - men som held fram med å vinna. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. sep. 2015 08:47

Os Fotball har aldri hatt fleire ungdomar. På gutenivå har Os saman med Nore Neset 100 spelarar, på juniornivå er det tre lag i serien. I tillegg kjem Os 2, som er på veg opp til 4. divisjon, med førsteårsjuniorar som hovudstamma på laget.

– Eg ser på dette som eit sunnheitsteikn. Det er ikkje så mange år sidan vi ikkje hadde juniorlag i klubben, seier styreformann Knut Haddal.

– Men når 96-årgangen neste år blir seniorar vil vi legga til rette for, viss det er interesse for det, at dei har eit tilbod og kan bli verande i klubben. Derfor har styret beslutta at vi oppretter Os 3 i 7. divisjon neste år, om spelarane vil.

Tre lag i toppen

Det er eit tydeleg skilje mellom elite og breidde. Mens dei som satsar speler senior 5. divisjon og på Os 1 i 2. divisjon junior, er det to breiddelag i 2. og 3. divisjon junior.

Mens Os 1 var nær opprykk til 1. divisjon og Os 3 var nær opprykk til 2. divisjon har Os 2 vore suverene i år. I vår vann dei 5 av 5 kampar med 35-5 i målforskjell, i haust står dei med 6 sigrar og 1 uavgjort.

Os 2 junior består av 12-15 frå 96-årgangen, ein årgang som vann Sogndal Cup som smågutar og var to mål i målforskjell frå å bli kretsmeistrar som gutespelarar.

– Trappa ned med stil

– Vi har tapt éin kamp i år, og det var då vi rauk ut av Norway Cup, seier ein av trenarane, Tore Kleppe.

– Årgangen har servert A-laget spelarar som Sander Kvittingen, Emil Halver og Adrian Valle, og har fleire som eg vil tru kunne fått mykje speletid med A-laget om dei hadde satsa, seier Kleppe, og nemner Lars Erik Lunde, Thomas Kopperud og Aksel Lande som eksempel.

Kleppe synest det er kjekt at 19-åringane held fram med fotball sjølv om dei no ikkje har tid til meir enn 1-2 treningsøkter i veka.

– Eg forstår at dei også har andre ting å bruka tid på, som studier, deltidsjobb og det å vera med venar eller kjæraster. Det er bra at dei likevel tar vare på kameratskapen og held seg i trening.

Er glad for tilbodet

Lars Erik Lunde er ein av spelarane på Os 2 G19 som i ung alder utmerkte seg på banen. Han er òg storebror til to år yngre Torgeir Lunde, som no speler senior 5. divisjon med Os 2.

– Det var særleg rundt eksamenstider at vi merka at det blei travelt med 3-4 treningsøkter pluss kamp. Det starta med at 3-4 av oss trappa litt ned, så var det fleire andre som gjorde det.

– No speler vi kun på gøy, og det er jo gøy å vinna kampar, seier Lars Erik.

Han seier han er glad for at det no blir oppretta eit tredje seniorlag i klubben, og håper og trur at det er grunnlag for dette.

– Å gå frå junior til oldboys ville jo ikkje blitt aktuelt. Om ikkje det ville kome eit Os 3 så ville nok enkelte av oss gått til Nore Neset eller Søfteland, men fleire hadde nok slutta.

– No når vi kan bli verande på Kuventræ, med trenarar som vi kjenner godt og liker godt, så er det nok fleire som vil halda fram med fotball. Kanskje kjem det òg eldre spelarar tilbake og vil spela med oss, seier Lunde.

– Trur du nokre av spelarane ein dag vil satsa igjen, at dette blir ein måte å halda seg varm på?

– Det er vanskeleg å seia. Akkurat no trivst vi med den treningsmengda vi har, men det kan jo endra seg med åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.