Annonse

Annonse

midtsiden

Gut beit politibetjent

Ei dame blei i natt angripe av fleire rusa personar. Då politiet ville hjelpa til blei dei sjølv slått og biten.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, august 28, 2010 - 09:01

Natt til laurdag blei ei kvinne angripen av fleire rusa personar. Kvinna blei både sparka og biten.

Politiet rykte ut for å hjelpa til, men blei sjølv utsett for angrep.

- Då patruljen skulle pågripa den mest aktive gjerningsmannen, ein 17 år gamal gut, ytte han motstand, fortel operasjonsleiar Ole Geir Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Også politibetjenten blei sparka og biten. Episoden skjedde mellom Os og Flåten.

Guten blei tatt med til overnatting i arresten i Bergen og blir meldt for angrepet både mot kvinna og mot offentleg tenestemann.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11