midtsiden

Halve Forstrøno skal seljast

200 mål på Forstrøno ved Ervikane, med småbruk og to naust, kjem for sal.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, oktober 28, 2011 - 12:01

– Eigedomen er unik og interessa er stor, seier Tor Nagelgaard hos Privatmegleren Bjørnefjorden.

For ei veke sidan blei eigedomen annonsert under «kommer for salg» på Finn.no.

– Både osingar, bergensarar og austlendingar har vore i meg, og det forstår eg godt, seier meklaren.

Nabo til Ervikane

Forstrøno ligg rett vest for Strøno og det populære friluftsområdet Ervikane. Forstrøno har også eige idyllisk friluftsområde, Oksabåsen. Den litt avlange øya dannar saman med Strøno det idylliske Forstrønesundet, sundet som går som ein kanal frå Ervikane inn til Forstrønen Landhandel, den tidlegare nærbutikken i Nordstrøno.

– Øya er ikkje landfast, men det er Strøno, og seljar har leigeavtale på to båtplassar og parkering på Strøno rett over det smale, lune sundet.

200 mål til 3,5 millionar

Eigedomen omfattar 200 mål, våningshus, låve, skur og to naust.

Med eigedomen følgjer det i utgangspunktet fem hyttetomter. Desse er førebels tatt ut av prosjektet for å seljast separat, men kan inkluderast om kjøpar av småbruket har interesse for det.

Bu- og driveplikt?

Eigedomet er eit av dei to småbruka på øya og har i utgangspunktet bu- og driveplikt.

– Driveplikta er tatt hand om til ut 2016, arealet er leigd ut til nabogarden, fortel Nagelgaard.

Det er fleire år sidan nokon har budd i det 120 kvadratmeter store huset frå 1860.

– Vi har vore i dialog med landbrukskontoret i Os og Fusa og dei har antyda at det neppe vil bli kravd buplikt på denne eigedomen. Men det er førebels ikkje formelt avklart.

Båtliv og bondeliv

I morgon er det visning på tomta. No er meklaren spent på kor mange av interessentane som blir med han i båt over Forstrønesundet.

– Her har folk mykje å velja i, frå noko av det mest idylliske skjergarden Vestlandet har å by på til bonderomantikk på romsleg tomt.Det blir nok interessentar i fleire ulike kategoriar her, trur Tor Nagelgaard.

 

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11