Næringsliv | 13. feb. 2013

"Halve" Osøyro lagt ut for sal

Det kunne blitt starten på eit kraftig løft for Os sentrum. No har dei drygt 50 eigarane lagt 4000 kvadratmeter ut for sal.

"Halve" Osøyro lagt ut for sal
4000 kvadratmeter i tre bygningar i Os sentrum blei laurdag lagt ut for sal. (Flyfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. feb. 2013 13:48

– Eg håper for Os sin del at dette blir selt samla, seier Terje Haugan.

Haugan jobbar som rådgjevar hos Bergen Eiendomsrådgiving AS, selskapet som har handtert eigedomane til fondet BB Eiendom Invest I KS (BBEI) i Os.

Laurdag blei eigedomane lagt ut for sal på Finn.no.

Mange og store investorar

BBEI eig til saman over 4000 kvadratmeter i Os sentrum, fordelt på tre bygg, Oshjørnet, bankbygget og Buggegården, eigedomar som i 2008 blei kjøpt for 67 millionar kroner.

Fondet BBEI er eigd av drygt 50 eigarar, som kvar har investert frå 100.000 til 1 million kroner i fondet.

– Kunne gjeve Os eit kjempeløft

BBEI hadde store planar for eigedomane sine, først med utviding, opprusting og sal av husvære i Oshjørnet og Buggegården, så med bygging av ein litt kjøpesenter-liknande versjon av bankbygningen.

Les òg: Starten på noko stort?

– Om vi hadde fått dette til, steg for steg, så ville det gjeve Os eit kjempeløft. I tillegg kunne det vore starten på yttarlegare oppkjøp av eigedom, eller gjeve smitteeffekt til naboar, at også dei ville investert i utbetring av eigen eigedom.

Bom stopp

Første steg, oppussing av Oshjørnet med 8 nye husvære, gjekk ikkje som BBEI hadde håpa på.

– Responsen var stor allereie eit år før salstart på Oshjørnet. Men vi ville venta til rammeløyve var på plass, og då vi la ut prosjektet for sal i juni 2011 var allereie nattklubben i drift.

Haugan har som kjent kjempa ein lang kamp mot nattklubb-etableringa, som seinare har vist seg å vera søknadspliktig tiltak, og som Haugan trass i avvist klage til Fylkesmannen, framleis meiner er i strid med både reguleringsplanen og Os kommune sine ønske om auka bustadetablering i sentrum.

Les òg: Har naboane gjeve opp?

– Vi har gjort alt i tråd med både regelverk og kommunen sine planar, men har måtta kjempa for at kommunen skal ta seg bryet med å stoppa ulovleg nattklubbetablering. Det må vera ganske unikt at ein utbyggar må be ein kommuneadministrasjon om å følgja både overordna regelverk og eigne vedtekter.

– Men er mangelen på interesse for bustad i Oshjørnet berre nattklubb-etableringa sin feil? Er du sikker på at det er mange som vil bu midt i sentrum, og at husværa var av passeleg storleik og pris i forhold til for eksempel Os Sjøfront, som tilbyr hus heilt ved sjøen?

– Ja. Dei første interessentane vi hadde ville kjøpa dei dyraste husa, det var ikkje noko i vegen med storleiken. Konkurranse med Os Sjøfront hadde vi nok, men for det første hadde jo vi eit veldig lite prosjekt å selja, med berre 8 husvære, for det andre var det fleire som uttalte at dei ikkje ville bu ved ei båthamn, dei ville heller har alt sentrum har å by på rett utanfor stovedøra.

– Men med støy frå nattklubben, og ikkje minst, støy frå gatene i Os sentrum kvar natt i helgene, er det ikkje rart at folk har mista interesse for å kjøpa finare husvære i sentrum.

Håper på samla sal

BBEI er førebudd på å selja alle eigedomane i Os sentrum, om dei så skal selja leilegheit for leilegheit i Oshjørnet.

– Men det beste er sjølvsagt om nokon kjøper alt samla og tar over der vi slepp, med planlegging av noko større og betre enn kva vi har i dag.

– Nattklubben vil forsvinna, det er eg sikker på, men vi har brukt opp tida vår og oss sjølv, og vil lata andre overta.

Eigedomane og leigetakarane

Sånn er status for BBEI-eigedomane som no er for sal i sentrum.

Oshjørnet: Opus-lokalet på gateplan står tomt, alle dei 9 husværa i 2. til 4. etasje er leigd ut.

Buggegården: Engeline leiger på gateplan, 5 hyblar i 2. etasje står ledig, 1 av 3 husvære i 3 etasje og det einaste husværet i 4. etasje er leigd ut.

Bankbygningane: GH Interiør leiger i "gamlebanken", DNB leiger på gateplan og i 2. etasje i resten. Heile 3.etasje står ledig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.