Lokal | 28. sep. 2014

Hamna i feil hus

Politiet: Rusa mann hamna i feil hus. Mann hamna på legevakten etter slåsskamp.

Hamna i feil hus
Politiet har hatt ei relativt roleg natt på Os (ill.foto: KVB)
Andris Hamresøndag 28. sep. 2014 08:39

Det har vore ei relativt roleg helg for politiet i Os.

Laurdag kontrollerte dei 16 køyretøy i ein trafikkontroll på Søfteland, utan å finna grunn til å reagera mot nokon av dei.

Eit par kranglete gjestar på ein utestad måtte skiljast natt til laurdag, men det heile løyste seg greitt då politiet kom til staden.

– Laurdag kveld og natt til sundag har også vore roleg. Klokka 00.35 fekk vi melding om ein godt rusa mann som hadde gått inn i feil hus.

– Det heile løyste seg stille og roleg og mannen blei vist heim til rett adresse, fortel operasjonssentralen i Hordaland Politidistrikt.

Endte på legevakta

I fire-tida fekk dei melding frå ein kar som endte på legevakta.

– Han skal ha blitt slått til på Essoen.

– Patruljen fann ikkje ut noko meir i natt, men vil følgja det opp i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.