Lokal | 28. okt. 2014

– Han var neppe noko proff

Mannen som knuste seg inn i Joker Søfteland i natt var 50 minutt i butikken. Kva fekk han med seg? Ein tom kasse!

– Han var neppe noko proff
Her knuste innbrotstjuven seg inn. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. okt. 2014 14:17

I mars for to år sidan tok nokon seg inn gjennom ein mur på sida av butikken og stal verdia for 60.000 kroner.

Natt til i dag var det nattlege gjestar i butikken igjen, også denne gong tok vedkomande seg inn gjennom ein vegg.

– Eg byrjar å bli lei, det er mykje som blir øydelagt når du blir utsett for innbrot, seier kokken Kenneth Milde, som jobbar i ferskvareavdelinga i butikken.

– Men han fekk no ikkje så mykje med seg, sjølv om kameraopptak viser at han var i butikken i 50 minutt, humrar han.

Stal tom tippekasse

Kameraopptaka frå butikken viser at mannen kom inn gjennom bakveggen i 23.30-tida i natt og var åleine, i alle fall inne i butikken.

– Han var også på kontoret, men kunne gløyma å opna tobakksskapet.

I staden tok han med seg Norsk Tipping-kassen og sprang ut.

– Kassen var tom for pengar, den fann vi knust og opna bak butikken. Det var nok ikkje ein særleg proff tjuv.

Ber om tips

Butikken har alarm og denne blei utløyst.

Milde fortel at vaktselskapet skal ha vore der, og gått ein runde rundt butikken, utan å ha sett noko unormalt.

– Vi får ta oss ein prat med vaktselskapet igjen seinare. Akkurat no handlar det om å få tetta veggen og få tippinga opp og gå igjen.

Politiet har vore på staden og sikra spor.

– Om nokon har sett folk i området i 23.30-tida, eller seinare på veg frå butikken, eller har kjennskap til andre ting som kan knyttast til saka, er vi interessert i tips, seier politiet.

Politiet i Os når du på 480 02 480.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.