Lokal | 24. sep. 2015

Handball er gøy!

Lesarinnlegg: Handballsesongen 2015/2016 er rett rundt hjørnet, og små og store gutar og jenter gler seg til å ta fatt på ein ny sesong med mykje handballglede.

Handball er gøy!
Handball er gøy. Klubbane i Os samarbeider for å gje enno betre tilbod til unge spelarar og dommarar (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 24. sep. 2015 07:52

Før årets sesong har eg fått den glede å bidra som aktivitetskoordinator inn mot klubbane Os, Nore Neset, Øyglimt, Lysekloster og Kalandseid. Dette for å sikra god samkøyring av klubbane, samt auka fokus på rekruttering.

Med ein kommune i vekst vil det kvart år vera fleire gutar og jenter som ynskjer å spela handball, noko som krev ekstra innsats av alle oss som brukar vår fritid på å leggja til rette for våre unge håpefulle.

I handballåret som kjem vil vi nok ein gang trenga tusenvis av dugnadstimar frå føresette, sysken, besteforeldre og vener. Det håper og trur eg de stiller dykk positive til!

I tillegg vil ei rekkje ungdommar også i år trekka på seg dommarvesten for fyrste gang i sin potensielle dommarkarriere. Ta godt i mot dei, og hei dei fram. Vi treng kvar og ein av dei.

Med ynskje om ein flott handballsesong!

Alle kan noko, og saman kan vi mykje!

Eirik André Hesthamar
Aktivitetskoordinator Os/Kalandseid
NHF Region Vest


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.