Næringsliv | 14. mars 2017

Handplukka gjenbruksmøblar i India

2Villa, som opna i Os i november, har vore på spennande handelsreise til fabrikken i Jodhpur.

Handplukka gjenbruksmøblar i India
Mona, Toril og Atle saman med fabrikkeigaren i Jodhpur.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. mars 2017 11:55

Bildeserie:

Jodhpur ligg nordvest i India. (Google Maps)
Jodhpur ligg nordvest i India. (Google Maps)
– Alt er autentisk og ekte, seier Mona om varene frå gjenbruksfabrikken.
– Alt er autentisk og ekte, seier Mona om varene frå gjenbruksfabrikken.
Den første av to konteinarar kom for to veker sidan.
Den første av to konteinarar kom for to veker sidan.
Fabrikken pussar opp eller bygger om brukte møblar.
Fabrikken pussar opp eller bygger om brukte møblar.
Det blei òg tid til bybesøk.
Det blei òg tid til bybesøk.
2Villa i India.
2Villa i India.
2Villa i India.
2Villa i India.
2Villa i India.
2Villa i India.
Desse karane lagde song om Mona og Toril.
Desse karane lagde song om Mona og Toril.
Det blei òg ein tur til Dehli for å sjå på tekstil.
Det blei òg ein tur til Dehli for å sjå på tekstil.
1 av 10
Jodhpur ligg nordvest i India. (Google Maps)
– Alt er autentisk og ekte, seier Mona om varene frå gjenbruksfabrikken.
Den første av to konteinarar kom for to veker sidan.
Fabrikken pussar opp eller bygger om brukte møblar.
Det blei òg tid til bybesøk.
2Villa i India.
2Villa i India.
2Villa i India.
Desse karane lagde song om Mona og Toril.
Det blei òg ein tur til Dehli for å sjå på tekstil.

Det starta med garasjesal på Drange i august 2015 og blei utvida med nettbutikken 2Villa i april 2016.

I november 2016 opna det som skulle vera eit showroom i Os Næringspark.

• Les òg: Lysande start for 2Villa

– Det har blitt meir enn eit showroom, vi har faste opningstider seks dagar i veka og driv lokalet som ein butikk, seier Mona Bjørgo Skåtøy.

– Nettbutikken held stand, der har vi flest kundar frå Austlandet, mens vi her i butikken både har osingar og tilreisande frå ulike nabokommunar. Det er påfallande mange menn innom, kanskje det er det rustikke og det robuste, som desse betongborda, dei har sansen for.

Unik gjenbruk-fabrikk i India

På jakt etter møblar og interiørvarer du ikkje finn andre stadar, jobbar 2Villa med å få fleire agentur. Ein av leverandørane dei er åleine om i Noreg, er ein liten og spesiell fabrikk nordvest i India.

– Korleis Mona finn desse leverandørane skjønner eg ikkje, men ho har tydelegvis fått teken på dette med å søkja på nett og å kommunisera med ulike utanlandske bransjefolk, seier mamma Toril etter heimkomst frå turen til landsbygda utanfor Jodhpur i India.

Fabrikken har spesialisert seg på restaurering av gamle møblar og bruksgjenstandar. Handverkarane er sesongarbeidarar, bønder som bruker ledig tid til andre fag.

– Noko blir berre pussa på, andre ting blir reparert eller bygd om. Dei har alt frå jernbanelykter og chopra, små skrin som blir brukt til å merka gjestar i panna (ikkje kastemerke), til bord, skap og stolar.

– Alt er ekte og autentisk, og det var fascinerande å sjå fabrikken og møta arbeidarane, seier Toril.

Gjestmild og profesjonell

Mona reiste saman med foreldra Toril og Atle, ei veke frå 15. januar. I fabrikken blei Mona vitne til at mamma blei forvandla til «Arbeidstilsynet».

– Ho var høfleg, men beint fram, og spurde om både løn, arbeidstid og trivsel, seier Mona og ler.

– I den grad det var mogleg ville eg undersøka arbeidsforholda hos dei vi bestiller hos. Sjølv om ikkje alt var heilt i tråd med norsk HMS, for eksempel når det kjem til skotøy, så fekk vi eit veldig godt inntrykk av både leiinga og arbeidarane, seier Toril.

– Vi fekk snakka med alle og dei verka glade i jobben sin og stolte over det dei produserte.

Fabrikken leverer frå før til til Texas i USA og Australia.

– Det er tydeleg at dei har god erfaring med eksport, eigaren har stålkontroll på alt frå behandling av varene før pakking, transport, all dokumentasjon og toll. Vi får veldig god hjelp.

Å bli mata for hand

Ved sidan av opplevinga av å handla rett frå fabrikk, og å møta dei 8-10 arbeidarane som i januar var ved fabrikken, fekk familien Skåtøy oppleva kvardagslivet i India.

– Vi budde på hotell i Jodhpur, men var på besøk heime hos fabrikkeigaren og familien.

Jodhpur er ein by som ligg i delstaten Rajasthan, i ørkenen Thar, og har rundt ein million innbyggarar.

– Dei kallar det «den blå byen», mens nabobyen Jaipur er «den rosa byen». Byane var verkeleg blå og rosa!

Usikker på om det var greit for ei dame å drikka øl, takka «arbeidstilsynet» Toril nei, mens Atle takka ja til både øl og til påfyll.

– Middagen var klar, men blei aldri servert. Det vi ikkje visste var at det ikkje er vanleg å drikka ved bordet, så alle sat og venta på at Atle skulle bli ferdig med å drikka øl. Der hadde dei stått i timesvis og laga mat, og så blei middagen kald før vi fekk sette oss til bordet, ler Toril.

Maten, både den dei fekk hos fabrikkeigaren og andre stadar, smakte godt og blei takla bra av dei norske magesekkane.

– Alle vi snakka med før avreise sa at vi kom til å blir dårlege av maten, så vi hadde med eit arsenal av medisin i bakhand. Men ingen av oss blei prega av at vi åt noko som var uvant.

– Det som var mest uvant var at det blei sett på som ein fin gest å mata gjestane sine med hand. Berre den første beten, altså, men det var ei spesiell oppleving likevel.

Reisefølgjet frå Os set òg pris på opplevinga av byturane, med og utan indiske venar, der dei fekk sjå gamlebyen, handla på marknad og krasja eit bryllaup.

– Det var full stopp i trafikken då vi skulle heim til hotellet vårt. Det viste seg at det var bryllaup på hotellet vi budde på, og bryllaupa i India varer i alt frå tre dagar til ei veke. Då er det kaos i gatene, høg musikk og enorm stemning, utan særleg inntak av alkohol.

Fylte ein ekstra konteinar

Før avreise hadde familien Skåtøy bestilt nesten ein full konteinar frå fabrikken, som dei av konkurranseomsyn ikkje vil ut med namnet på.

– I utgangspunktet ville vi berre helsa på, sjekka forholda og utvalet, og fylla 3-4 ledige kubikk i konteinaren vi frå før hadde bestilt.

– Men det var så utruleg mykje fint at det blei ein heil konteinar ekstra. På enkelte varer hender det at vi diskuterer pris, men det blir ingen pruting. Vi ser kva dei må ha for varene for at det skal vera forsvarleg forretning også for dei som driv og jobar ved fabrikken.

Den første konteinaren hadde ankomst i butikken for to veker sidan, den neste kjem i slutten av april.

– Varene frå første lass har allereie blitt veldig godt mottatt hos kundane, vi ser veldig fram til at den neste kjem, seier Mona og Toril.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.