Festivalområdet i dag, med scenen i trailerar og lettskya vêr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Håp om sol på Osfest?

Rigginga er i gang og det er meldt 19 gradar og sol onsdag og torsdag.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag starta rigginga på grusen ved Os ungdomsskule, fredag startar Osfest.

– Vi var fem stykker totalt, saman med to-tre ungdomar, som verkeleg sto på, fortel styremedlem og riggesjef Jan Vidar Alnes.

Planen var å jobba i fem timar, men dagens oppgåver var unnagjort på halve tida. Festivalområdet er gjerda inn og fire trailerar med scene står klar på grusen.

– Det går gjerne litt fortare når vêret er dårleg, sånn det var i går, og folk vil raskt heim i staden for å gå og sulle og nyte vêret.

Melder tre dagar med sol

Dagen i dag starta betre enn meldt, med lettskya og sol. Det er venta regn i ettermiddag, og tysdag formiddag, men frå tysdag ettermiddag til torsdag kveld ser det lysare ut.

Både Yr og Storm melder sol og 16 gradar tysdag, sol og 19 gradar onsdag og same lettskya vêr torsdag, men då med temperatur nede i 16 gradar igjen.

På morgonen måndag var det òg meldt lettskya fredag, men no er det fare for 1-2 mm nedbør.

Også til laurdag er det førebels meldt noko nedbør.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no.

Med telt langs langsida

– Det har ikkje vore lett å bli klok på vêrmeldingane denne sommaren, det ser du jo no i dag. Heldigvis har det ofte blitt finare enn meldt, vi får håpe vi tar sola som kjem i midten av veka med oss til helga.

– Vi førebur oss uansett på noko nedbør, og riggar telt over langsida på festivalområdet.

• Midtsiden samleside: Osfest

Desse speler fredag:
18:00 – Testpilot
19:00 – Kream
20:10 – Unge Ferrari
21:10 – Jesper Jenset
22:30 – Julie Bergan
00:00 – Nico & Vinz

Desse speler laurdag:
17:30 – Majorleap
18:15 – Mighty Magnolias
19:30 – Blest
21:00 – Postgirobygget
22:30 – Erik og Kriss
00:00 – TNT

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.